Fylkeshuset på Leikanger nedanfrå og opp. Blå himmel i bakgrunnen.
Fylkeshuset på Leikanger nedanfrå og opp. Blå himmel i bakgrunnen.

Mot mellombels tilsetting

Fleirtalet i fylkesutvalet har bestemt at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje vil utvide bruken av mellombels tilsetting. Fylkeskommunen held fram tidlegare praksis.

Stortinget vedtok tidlegare i år ei endring i arbeidsmiljølova der dei opna for bruk av mellombels tilsetting. Fleirtalet i fylkesutvalet – to frå Arbeidarpartiet og tre frå Senterpartiet – meiner dette vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane.

Fylkesutvalet vedtok difor 24. juni – med fem mot fire røyster – at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje vil nytte seg av meir mellombels tilsetting framover.

Vedtaket frå fylkesutvalet

Stortinget sitt vedtak om auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Vedtaket vil kunne føre til at alle nye tilsettingar kan vere mellombelse i 12 månader. Regjeringa sin argumentasjon er at endringane vil gje fleire høve til å prøve seg i arbeidslivet. Forsking frå OECD viser derimot at resultatet av ei slik endring vil gje fleire midlertidige tilsette.

Endringa vil heller ikkje føre til meir fleksibilitet i arbeidslivet. Utvida bruk av midlertidigheit vil bryte med retten til faste tilsettingar. Endring av arbeidsmiljølova er særleg betenkjeleg i ein situasjon der den seriøse delen av arbeidslivet er under sterkt press på grunn av fleire useriøse arbeidsgivarar. Vi ser også at arbeidslivskriminaliteten aukar i samfunnet aukar.

Auka bruk av mellombels tilsetting (AML 14-9) er ikkje i samsvar med fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt ynskje om ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for dei tilsette. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ikkje utvide bruken av mellombels tilsetting, men halde fram med den tidlegare praksisen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568