Foto frå møtet i fylkestinget. Biletet er teke framme frå, og vi ser nokre av representantane.
Foto frå møtet i fylkestinget. Biletet er teke framme frå, og vi ser nokre av representantane.

Møte i fylkestinget og fylkesutvalet 10. desember.

Tysdag 10. desember er det tid for dei siste møta for fylkestinget og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg til sakshandsaming, blir det utdeling av fylkeskulturprisen, kulturinnslag, eit historisk tilbakeblikk og eit blikk framover mot Vestland.

Det avsluttande møtet i fylkestinget vert på Quality Hotel Sogndal i Sogndal.

Møtet i fylkesutvalet startar kl. 13.00, og møtet i fylkestinget startar kl. 14.00.

Saksliste for møtet i fylkesutvalet 10. desember 2019.

Saksliste for møtet i fylkestinget 10. desember 2019.

Møtet vert sendt direkte på nett.

Program for dagen

12.00:
Felles lunsj

13.00:
Møte i fylkesutvalet som klagenemnd
Møte i fylkesutvalet

14.00:
Møte i fylkestinget

Opning ved fylkesordføraren.

Helsing frå (dagens) Sogndal kommune ved ordførar Jarle Aarvoll

Kulturinnslag ved distriktsmusikarane.

Utdeling av fylkeskulturprisen for 2019

Sakshandsaming

15.45:
Kulturinnslag ved Dans utan grenser. Kombinert med matbit.

16.30:
Sogn og Fjordane fylke og fylkeskommune i eit historisk perspektiv. Føredrag ved professor Oddmund Hoel, Høgskulen på Vestlandet

Kulturinnslag ved distriktsmusikarane.

17.15:
Korleis utvikle Sogn og Fjordane innafor nye Vestland fylkeskommune? Føredrag ved konst. sjefredaktør Frøy Gudbrandsen, Bergens Tidende

Takk for oss! Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes

Takk for meg! Fylkesrådmann Tore Eriksen

Takk for meg! Fylkesordførar Jenny Følling

18.15:
Kulturinnslag ved distriktsmusikarane.

Avslutning ved fylkesordføraren.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568