To kvinner og ein mann på ei scene der mannen tek i mot pris og blomar
To kvinner og ein mann på ei scene der mannen tek i mot pris og blomar

Gard Eithungjerde Høyvik tok imot Bedriftsutviklingspris i landbruket for 2016 på vegne av Ciderhuset. Fylkesordførar Jenny Følling og leiar i hovudutval for næring og kultur Karen Marie Hjelmeseter delte ut prisen. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Møte i fylkestinget 18. oktober

Fylkestinget var samla i Førde 18. oktober, og før politikarane tok fatt på sakene vart trafikktryggingspris og bedriftsutviklingspris utdelt. Opplev utdelingane, debatt om regionreforma og mykje meir i opptak her.

Varaordførar i Førde Bjørn Harald Haugsvær opna møtet på Scandic hotell, og det var mange spennande saker å følge denne tysdagen i Førde.

Arbeidet med regionreforma går vidare og engasjerar mange. No går intensjonsplanen for samanslåing ut på høyring. I tillegg diskuterte fylkespolitikarane fylkesmannen sin plassering, fleire lærlingar i fylkeskommunen og mykje meir.

Det var møte i finansutvalet, fylkesutvalet og fylkesutvalet som klagenemnd dagen før, måndag  17. oktober.

Du kan sjå møtet i opptak i nett-tv

Nyhendesaker frå dei politiske møta 17. og 18. oktober: 

 

Saksliste for møte i fylkestinget 18 oktober

Saksliste for finansutvalet 17. oktober

Saksliste for fylkesutvalet 17. oktober

Saksliste for fylkesutvalet som klagenemnd 17. oktober

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713