Mitt lille land – føreslå sjåverdige stader i Sogn og Fjordane

TV2-programmet God morgen Norge skal besøke alle fylka i Noreg i 2012. Målet er å finne fram til ein stad med særpreg i kvart av dei. Fylkeskommunen skal føreslå kandidatar i Sogn og Fjordane – og vi ønskjer hjelp frå deg.

God morgen Norge vil annakvar veke presentere fem stader per fylke. Stadene vert valde ut etter originalitet og interesse. Sjåarane kan så stemme fram dei ulike kandidatane på nettsidene til programmet. Den staden med flest stemmer får besøk av God morgen Norge.

Vi har fått sjansen til å føreslå fem til åtte stader med særpreg i Sogn og Fjordane. Det må også følgje med ei kort grunngjeving eller stikkord over:

  • Sjåverdigheiter (natur eller historie)
  • Særeigne personar (t.d. ein spesiell person som brenn for bygda eller byen sin)
  • Noko anna originalt, spesielt eller vakkert.

Forslag kan sendast til birthe.finstad@sfj.no. Vi vidareformidlar desse til TV2.

Fristen for å kome med forslag er måndag 30. januar.

Del dette:

Relaterte lenker