Foto som syner gardsarbeid på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. I framkant ser vi tre personar og ein raud traktor, medan skulebygningen ruvar i bakgrunnen. Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule

Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule

Millionar til økologisk skule

Eit samla fylkesting har vedteke å løyve 20 millionar kroner til Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Fylkeskommunen skal gjennomføre ekstraordinært vedlikehald ved den økologiske landbruksskulen i Aurland.

Vedlikehaldsarbeidet kostar til saman 30 millionar kroner, og fylkestinget vedtok 17. juni at fylkeskommunen skal stå for 20 av desse. I tillegg kjem fem millionar frå staten og fem millionar frå Aurland kommune.

Dette vedlikehaldsarbeidet vil sikre tilfredstillande og forsvarleg drift på skulen ti til tolv år fram i tid.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut