tre kajakar på Sognefjorden fjell i bakgrunnen sommar
tre kajakar på Sognefjorden fjell i bakgrunnen sommar

Sogndal kommune skal i eit forskingsprosjekt greie ut korleis ein legg til rette for friluftsliv som tek omsyn til ulike interesser. Foto: Knut Henning Grepstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Millionar til ny forskning

Sogn og Fjordane får god utteljing når Regionalt forskingsfond Vestlandet deler ut nye forskingsmidlar til næringsliv og offentleg sektor i landsdelen. Blant aktørane som får millionstøtte er både TINE på Byrkjelo, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogndal kommune – som får støtte til to ulike forskingsprosjekt.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 26,3 millionar kroner til elleve nye og spennande forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

–  Også denne gongen har vi fått mange, gode og varierte søknader. Alle som har fått støtte, skårar høgt på forskingsinnhald og innovasjonspotensial og tek opp problemstillingar som er viktige for vekst og utvikling i landsdelen vår, seier Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.

–  Med denne tildelinga passerer fondet 200 millionar kroner i løyvde midlar sidan oppstarten i 2010, og eg trur det er heva over tvil at vi har bidrege til å utløyse viktige forskingsdrivne innovasjonsprosjekt som elles ikkje ville vorte realiserte, seier Kjelsnes.

Fredeleg fleirbruk av utmark

Utdelinga viser at ein har lukkast med prosjektverkstad og individuell rådgjeving, i regi av fylkeskommunen, Regionalt forskningsfond og Forskingsrådet, til søkarar som har søkt før og ikkje nådd opp.

Når nokre gjerne vil drive terrengsykling der andre helst vil leige ut jaktrettar, kan det vere duka for konflikt. Korleis skal ein eigentleg legge til rette for eit friluftsliv og ei utnytting av utmarka som tek omsyn til mange og ulike interesser? Sogndal kommune får no tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der dette spørsmålet står sentralt.

Hovudmålet i prosjektet er å utvikle lokalt tilpassa forvaltingssystem som kan koordinere friluftsaktivitet i utmark på ein måte som reduserer potensialet for konflikt, stimulerer lokal verdiskaping og tek omsyn til både allemannsretten, interessene til grunneigarane og det biologiske mangfaldet. Prosjektet skal mellom anna kartleggje korleis utmarka vert brukt og kva konfliktpotensial som ligg føre, og ein skal også utforske korleis ulike forvaltingsmodellar kan bidra til auka verdiskaping og sameksistens mellom tradisjonell og ny utmarksbruk.

–  At Vestlandet har eit stort verdiskapingspotensial i utvikling av kommersielle tenester knytt til friluftsliv, er heva over tvil. Samtidig kan utviklinga av nye friluftsaktivitetar gje nye utfordringar. Derfor trur eg det er viktig å forske på korleis kommunane kan etablere gode system for å forvalte bruken av utmarka, seier Kjelsnes.

Prosjektet er initiert av kommunane Sogndal, Luster, Gloppen og Voss og vert gjennomført i eit breitt anlagt samarbeid som også inkluderer Sogn Næring AS, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Centre for Recreation and Tourism at West Highland College i Storbritannia, Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane skogeigarlag, Sogn og Fjordane Turlag, Marianne Reusch, Allemannsretten.no og Sogn og Fjordane Bondelag.

Aktive og sjølvhjelpne eldre

Sogndal kommune får også tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der ein skal undersøke kva effekt eldre heimebuande brukarar av pleie- og omsorgstenester har av styrketrening. Ein skal mellom anna måle korleis auka muskelstyrke verkar inn på fysisk form, sjølvstendighet, livskvalitet og omfanget av fallulukker.

Det er godt dokumentert at fysisk inaktivitet er den viktigaste risikofaktoren for å utvikle sjukdom og helseproblem, men forskarane vil også undersøke ei hypotese om at med aukande alder, speler muskelstyrke ein stadig viktigare rolle for funksjonsdyktigheit. Derfor skal ein kartlegge mellom anna fysisk funksjonsnivå og behov for pleie- og omsorgstenester etter to år med styrketrening. Prosjektet tar også mål av seg til å kurse pleie- og omsorgstenestene i kommunane til å rettleie eldre i fysisk aktivitet og trening.

–  Forsking som kan bidra til at fleire eldre kan vere trygge, sjølvstendige og sjølvhjelpne heimebuarar lenger enn dei elles ville ha vore, er viktig for eldreomsorga ikkje berre på Vestlandet, men i hele Noreg, seier Kjelsnes.

Sogndal kommune har med seg Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norges idrettshøgskole, NTNU og Universitetet i Agder som forskingspartnarar.

Smittenedkjemping i storfenæringa

Mjølkeproduksjon er berebjelken i mange bygdesamfunn, men dei seinare åra har mange gardsbruk hatt auka tap på grunn av smittsame virusinfeksjonar. Det er særleg to virus – bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og bovint coronarvirus (BCoV) – som har vore ei plage for storfe. For å få bukt med problemet, innfører næringa eit systematisk kontrollprogram basert på regelmessig diagnostikk i storfebesetningane. Samtidig vert det samla inn store mengder data som kan seie noko om risikoen for at det finst smitte i ulike besetningar.
 
For å bidra til at dette arbeidet vert mest mogleg effektivt, får TINE Rådgiving Sogn og Fjordane no 1 630 000 kroner til å utvikle eit system for risikobasert smittenedkjemping av dei aktuelle virusa. I prosjektet skal ein mellom anna utvikle eit elektronisk verktøy der diagnostikken vert kopla saman med annan relevant informasjon, slik at ein kan modellere ein indeks for smitterisiko i bestemte besetningar. På sikt er det eit mål å vidareutvikle systemet til å bli automatisk, kontinuerleg oppdatert og lett tilgjengeleg for alle som treng informasjon om smittestatus. Dette vil mellom anna kunne bidra til å minimere risikoen for smitte i samband med omsetting av dyr som vert brukte til avl.
 
–  Storfenæringa i Sogn og Fjordane tel om lag 1250 enkeltbedrifter som bidreg til å oppretthalde arbeidsplassar og levande bygder i fylket. Forsking som kan nedkjempe eller avgrense smitte frå dei virusa som gjev næringa størst tap i dag, er derfor svært viktig, seier Kjelsnes.
 
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet er med som forskingspartnar i prosjektet.

Samhandling for lokal klimaomstilling

Sogn og Fjordane fylkeskommune får tre millionar kroner i støtte til forsking som skal styrke kunnskapen om vilkåra for lokal klimaomstilling og utvikle nye metodar for slik omstilling. Samtidig som lokalforvaltinga har eit stort ansvar i klimaarbeidet i Noreg, viser forsking at statlege styresmakter i stor grad manglar effektive verktøy for å utløyse nødvendige omstillingstiltak på lokalt nivå. Den overordna ideen i forskingsprosjektet som no får midlar frå RFF Vestlandet, er å utvikle nye metodar som regionale styresmakter kan ta i bruk for å styrke den lokale innsatsen i klimaarbeidet.

Utforsking av heilskaplege modellar som integrerer strategiane for lokal klimaomstilling og det generelle arbeidet med samfunnsutvikling og planlegging i kommunane, står sentralt i forskinga. Det same gjeld utvikling av nye arbeidsformar med tettare samhandling mellom lokale og overordna styresmakter for å styrke vilkåra for klimaomstilling i kommunar i Sogn og Fjordane. Forskarane skal også kartleggje kva omstillingstiltak som trengst i særleg klimasårbare lokalsamfunn og utvikle nye metodar for å sikre at relevant kunnskap om lokale forhold vert integrert i klimaarbeidet.

–  Klimaomstilling er ei langsiktig utfordring for alle vestlandskommunar, og eg trur det er viktig både å legge til rette for at regionale styresmakter tar ei aktiv rolle i lokalt omstillingsarbeid og å sørge for at klimaomstilling så tidleg som mogleg vert integrert i den generelle samfunnsplanlegginga på lokalt nivå, seier Kjelsnes.

Stiftinga Vestlandsforsking er fagleg ansvarleg for forskingsprosjektet. Dei andre partnarane er KS Sogn og Fjordane, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statens vegvesen.

Stor interesse for fondsmidlar

Fondet fekk totalt 33 søknader i denne tildelingsrunden, og søkjarane bad om støtte på rundt 80 millionar kroner. Fondsstyret vedtok å løyve midlar til elleve prosjekt fordelt på dei fire tematiske hovudsatsingsområda energi (3), reiseliv (1), innovasjon i offentlege ansvarsområde (3) og berekraftig matproduksjon (4).

–  Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt enno fleire midlar til rådvelde, for også denne gongen måtte vi gje avslag til fleire søkjarar med svært gode prosjekt. For fleire av desse bør det absolutt vere aktuelt å søkje på nytt i neste utlysing, seier Kjelsnes.

Neste utlysing av hovudprosjektmidlar har søknadsfrist 17. februar 2016. Dette vil vere den siste utlysinga med den noverande tematiske innrettinga, då fondsstyret skal vedta ein ny handlingsplan for RFF Vestlandet med verknad frå april 2016.

Desse fekk forskingsmidlar

Dette er oversikten over alle prosjekta som fekk forskingsmidlar i denne tildelingsrunden:

Biomega AS – «Verdiskaping av næringsstoffer i laksebein» – Inntil 1,5 millionar kroner i støtte

Norwegian-Group AS – «Clean-Cut: A new approach to offshore drill cuttings treatment and evaluation of its environmental impact» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Sogndal kommune – «Nytt forvaltningssystem for fleirbruk av utmark» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Blue Logic AS – «A Contactless Power and Data Transceiver Connector System for Subsea instrumentation, environment surveillance and fishfarming» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Festspillene i Bergen – «Norwegian Icons» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Jørstad Marin AS – «Nye fiskefelt og nye fangstmetoder for sjøkreps og dypvannsreker på Vestlandet» – Inntil 1 005 000 kroner i støtte

KTN AS – «Non-intrusive measurements of pipeline internal bore and deformation mapping» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Pleie og omsorgstjenesten i Sogndal kommune – «Selvstendige, selvhjulpne og aktive eldre» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Q-Meieriene AS – «Økt bærekraft i meieriprosesser – Ny prosess for bruk av restprodukt fra meieriindustrien til fremstilling av høyverdige fôrproteiner» – Inntil 1 120 000 kroner i støtte

Sogn og Fjordane fylkeskommune – «Samhandling for grønt skifte» – Inntil 3 millionar kroner i støtte

Tine Byrkjelo – «Berekraft i mjølkeproduksjon – risikobasert smittenedkjemping med ny besetningsindeks» – Inntil 1 630 000 kroner i støtte

 

For meir informasjon

Sekretariatet på forsking@hfk.no eller

Arne Monrad Johnsen
RFF Vestlandet, Sogn og Fjordane
57 65 62 48 / 415 30 978

Jone Engelsvold
Sekretariatsleiar
RFF Vestlandet
55 23 93 25 / 976 60 477

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00