Oversiktsbilete frå Sande Camping i Lodalen. Biletet er teke ned mot vatnet, og vi ser både campingbilar, campingvogner, vanlege bilar og hytter. Lovatnet i høge fjell i bakgrunnen.
Oversiktsbilete frå Sande Camping i Lodalen. Biletet er teke ned mot vatnet, og vi ser både campingbilar, campingvogner, vanlege bilar og hytter. Lovatnet i høge fjell i bakgrunnen.

Foto: Sande Camping.

Miljøsertifisering til Sande Camping

16. mai mottok Sande Camping det anerkjende miljømerket Green Key.

Ved å leve opp til ein rekke kriterium innanfor alt frå energi, vask, avfall og informasjonsarbeid, blir ein vurdert til å vere ein ansvarleg arbeidsplass av Green Key. Dette er reiselivets miljømerke, og er per i dag den største globale miljøsertifiseringsordninga for overnattingssteder. Dette har Sande Camping klart.

– Vi har ein plan på at både vi som eigarar og våre tilsette skal ha dagleg fokus på miljøet og sette i verk fleire miljøtiltak på ulike plan. Sande Camping vil jobbe kontinuerleg for å forbetre sin miljøprofil, seier dagleg leiar Turis Sande Beinnes.

Tenkjer miljø i alle ledd

Sande Beinnes fortel vidare at alle kvitevarar som blir skifta ut vere miljømerka og energisparande, blant anna. Alle sesongplassane har straummålar, noko som gir betydeleg mindre bruk av straum. Reinhaldsprodukt som såper, vaskemidlar av alle slag, tørkepapir og meir skal vere miljømerka. Dei har i samarbeid med vareleverandøren sin av slike produkt laga ein reinhaldsplan som skal følgjast.

– Vi har laga eit system og ein plan for kildesortering i den grad renovasjonsselskapet tilbyr ordningar for dette. Her vil vi aktivt jobbe for å få eit enda betre tilbod for sortering. God informasjon som når ut til gjestane er eit viktig punkt for å få dette til å fungere slik at alle kan bidra, legger Sande Beinnes til.

Skal fremme berekraftig turisme

Green Key har til hensikt å fremme berekraftig turisme, samt bidra til å førebygge klimaendringar ved å løne og støtte verksamheiter som gjennomfører positive miljøtiltak. Dei har som mål å endre praksis og åtferd hjå reiselivsaktørar, inkludert gjestar, bedrifter, myndigheiter og lokalsamfunn, i ei berekraftig retning. Dette gjer dei gjennom å:

  • Auke bevisstheita blant både tilsette og gjestar
  • Fremme berekraftige rutinar og bruk av teknologi
  • Stø opp under miljøvennlege og ansvarlege bedrifter
  • Redusere energibruk og ressursforbruk

Miljøsertifiseringen Green Key ble lansert av Foundation for Environmental Education (FEE) i Noreg hausten 2014. Fleire hotell er i gang, eller har allereie bytta miljøordning frå Svanemerket til Green Key, som den store hotellkjeda Rezidor, og Grand Hotel i Oslo. Fleire campingplassar hiver seg også på trenden, og har som mål å bli sertifisert før sommaren.

Jølstraholmen Camping i Sunnfjord var den første campingplassen i landet saman med Kristiandsand Feriesentere som vart Green Key-sertifisert. Jølstraholmen var også med på pilotrunda, og var med i arbeidsgruppa som skulle tilpasse Green Key-kriteriane for dei norske campingplassane. Dei deltok på dette i forbindelse med si deltaking i Nasjonalt Campingnettverk, og dei har sjølv vore sertifisert sidan 2015.

Tilskotsordning

I Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010–2025 er det eit hovudmål å få eit meir berekraftig reiseliv i fylket, og Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014–2025 peikar på miljøansvar som ein viktig premiss for berekraftig utvikling av næringslivet. For å stimulere til ei slik utvikling er det oppretta ei tilskotsordning som skal stimulere både reiselivsbedrifter og andre små og mellomstore bedrifter til å bli miljøsertifiserte.

Bedriftene kan søkje om tilskot hjå fylkeskommunen på inntil 50 prosent av sertifiseringskostnadane, og maksimalt 20 000 kroner. Meir om tilskotsordninga her.

Fakta om Green Key

Green Key er støtta av United Nations World Tourism Organization (UNWTO) og United Nations Environmental Programme (UNEP)

Drives internasjonalt av Foundation for Environmental Education (FEE)

Les meir her: http://www.green-key.org/

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00