Melodi Grand Prix i Florø får 750 000 kroner

Hipphipp Flora AS får 750 000 kroner frå fylkeskommunen for å arrangere ny delfinale i Melodi Grand Prix i Florø i 2012. Det vedtok fylkestinget 8. juni.

KrF og SV fremja forslag om å avslå søknaden om støtte og heller løyve 750 000 kroner til planlegging og gjennomføring av kulturarrangement retta mot barn og unge. Dette framlegget fekk ni røyster.

Dermed vart tilrådinga frå fylkesutvalet om å løyve tilsvarande sum til ny MPG-delfinale i Florø, vedteken med 30 mot ni røyster.

Her kan du sjå bilete frå fylkestinget i Kviknessalen på Kviknes Hotel. Bileta kan nyttast fritt mot kreditering.

Del dette:

Relaterte lenker