Fotocollage av dei fem elevane som fekk gullmedaljar i skule-NM 2019.
Fotocollage av dei fem elevane som fekk gullmedaljar i skule-NM 2019.

Dei fem elevane som kom heim med gullmedaljar var f.v. Sølve André Dale, Ola Nedberge Hille, Iselin Husevåg, Oline Challen og Daniel Bjørneseth.

Medaljar i fem fag i skule-NM

Sogn og Fjordane har mange flinke elevar. Nyleg kom åtte av dei heim frå skule-NM med medaljar rundt halsen.

Gullmedaljar i tre fag og bronsemedaljar i to er status for fylket når skule-NM er over og elevane vel heime att. 360 elevar konkurrerte i til saman 36 fag i skule-NM. Sogn og Fjordane hadde 23 deltakarar, som deltok i 16 av faga.

Sterk prestasjon

– Vi har nokre veldig flinke elevar. Så god utteljing til deltakarane våre er ein sterk prestasjon, og eg vil gjerne gratulere alle som deltok med god innsats – både medaljevinnarane og alle dei andre, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Medaljane til Sogn og Fjordane fordelte seg slik:

  • Gullmedaljar i elektrikarfaget til Sølve André Dale og Ola Nedberge Hille, Høyanger vidaregåande skule
  • Gullmedaljar i helsearbeidarfaget til Iselin Husevåg og Oline Challan, Måløy vidaregåande skule
  • Gullmedalje i kokkefaget til Daniel Bjørnseth, Måløy vidaregåande skule
  • Bronsemedalje i sveisefaget til Ivar Gjelsvik, Mo og Øyrane vidaregåande skule
  • Bronsemedaljar i automatiseringsfaget til Thomas Yri og Trond Zachariassen, Eid vidaregåande skule

Auke interesse for yrkesfag

Målet med skulemeisterskap og skule-NM er å auke interessa for og statusen til yrkesfaga i den vidaregåande skulen. Slik kan vi også rekruttere fleire til å starte på eit yrkesfagleg utdanningsløp. Skule-NM er for skuleelevar, først og fremst på vg2-nivå, og ikkje for lærlingar.

I Sogn og Fjordane har søknaden til yrkesfag auka frå 55 prosent av søkjarane i fjor til 56,5 prosent i år.

– Eg trur slike konkurransar kan vere inspirerande og motiverande, både for dei som får delta sjølve, og for dei som ser medelevar kome heim med gode resultat og medaljar. Det blir gjort svært mykje godt arbeid på alle dei vidaregåande skulane våre, seier Skinlo.

Her finn du alle resultata frå årets skule-NM.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00