Foto av fagkoordinator i fylkeskommunen, Lars Hustveit, framfor EU-parlamentet i Strasbourg.
Foto av fagkoordinator i fylkeskommunen, Lars Hustveit, framfor EU-parlamentet i Strasbourg.

Lars Hustveit er nøgd med å få delta i eit europeisk utgreiingsarbeid om smarte bygder. Her er han framfor EU-parlamentet i Strasbourg under ein tidlegare hospiteringsperiode i Europa.

Med og gir EU råd om bygdeutvikling

EU-kommisjonen har sett bygdeutvikling på dagsorden og har nyleg tinga ei utgreiing. Vinnaren av anbodet har med fagkoordinator Lars Hustveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei rådgjevingsgruppe.

Pilotprosjektet er kalla «Smart Eco-Social Villages», og det handlar i første omgang om eit utgreiingsarbeid om «smarte bygder». Det er resultatet av eit langvarig lobbyarbeid for å setje situasjonen i bygdesamfunn på dagsorden i EU.

– Arbeidet er slik eg vurderer det eit svar på det høgprofilerte arbeidet med «smarte byar». Nye digitale løysingar står sentralt. Kva vi oppnår gjennom utgreiingsarbeidet står att og sjå, men dette er uansett svært relevant arbeid for Sogn og Fjordane fylkeskommune både fagleg og politisk. Rammevilkåra for regionalpolitikken vert i stor grad lagt i Europa gjennom medlemskapet vårt i EØS, seier Hustveit.

Kartlegg behov og utfordringar

Pilot-prosjektet Smart Eco-Social Villages skal

  • kartlegge behov og utfordringar i distriktssamfunn
  • definere nærare kva EU bør legge i visjonen «smart eco-social village»
  • beskrive og analysere ti døme på god praksis i ulike EU-land.
  • beskrive korleis bygdesamfunn kan oppnå statusen «Smart Eco-Social Village»

I kvart steg av utgreiingsarbeidet skal interessentar takast med på råd, og resultata vert presenterte og drøfta på ein work shop ved slutten av prosjektet, rundt påsketider i 2019.

Har tidlegare hospitert i Brussel

Hustveit fortel at rolla hans først og fremst vert å gje innspel om innovasjonssystem i distriktssamfunn. Han har også tidlegare jobba tett på europeisk samarbeid, då han hospiterte i Brussel halve 2016. Det at fylkeskommunen leiar eit europeisk prosjekt om innovasjon i utkantsamfunn, var viktig for at han var ønska som deltakar i rådgjevingsgruppa. 

– Det er kjekt å bli spurt om å delta. Frå tida i Brussel kjenner eg ein av deltakarane i arbeidet, R.E.D., som koordinerer samarbeidet i European Countryside Movement, der Euromontana  og 16 andre organisasjonar som representerer distriktsinteresser, deltek, fortel han.

Euromontana er ein organisasjon for samarbeid om utvikling i fjellområda i Europa, og Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem.

Det er analyseselskapet Ecorys som skal drive utgreiingsarbeidet, etter at dei vann anbodet EU-kommisjonen lyste ut.

For meir informasjon

Lars Hustveit
fagkoordinator, nærings- og kulturavdelinga
lars.hustveit@sfj.no
415 30 972

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00