Markering av Verdens tobakksfrie dag i Førde

Førde er ein folkehelskommune, og har førebygging av tobakksbruk som tema for sitt arbeid. Folkehelsekoordinator Doris Rutledal markerte Verdens tobakksfrie for tilsette i kommunen og ute på gata i Førde.

Som folkehelsekommune har Førde teikna partnarskapsavtale med fylkeskommunen om folkehelse. Eit av satsingsområda for Førde tobakksførebyggande arbeid, og kommunen skal samarbeide med Nasjonalforeningen for folkehelsen om gjennomføring av temadag og røykesluttkurs.

Folkehelsekoordinator Doris Rutledal ser Verdens tobakksfrie dag som ein fin anledning til å sette fokus på tobakk. Doris delte m.a. ut den røde Gerberaen, symbolet for dagen, til folk i gata, og informerte dei om kvifor markeringa skjer. Folk oppfatta markeringa positivt, og syntes det var kjekt å få den fine blomsten. Fleire fortalte at dei anten var slutta å røykje for ei tid sidan, eller hadde planar om å bli røykfrie.

Del dette:

Relaterte lenker