Møte om marine grunnkart
Møte om marine grunnkart

Møte om marine grunnkart

Marine grunnkart tek form

Marine Grunnkart er no halvvegs i prosjektperioden. Prosjektet går ut på å lage detaljerte temakart  over havbotnen i dei 4 nordlegaste kommunane i fylket. Kartlegging av sjø og sjøbotn er naudsynt i arbeidet med berekraftig kystsoneplanlegging, forvaltning og verdiskaping.

Prosjektet vil vare i tre år frå 20. februar 2015. Alle data skal vere levert innan 20. februar 2018, dei vil då bli gjort tilgjengelig på nett åpent for alle. Marine Grunnkart er eit samarbeidsprosjekt mellom NGU (Norges geologiske undersøkelser), Sogn og Fjordane fylkeskommune, Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora og 7 oppdrettsselskap.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 6 millionar, der NGU dekker halvparten, fylkeskommunen 1,3 milliona, kommunane 1 million  og oppdrettsnæringa dekker 630 000 kroner. Oppdrettselskapa som deltek i undersøkinga er Marine Harvest, Steinvik Fiskefarm, K.Strømmen lakseoppdrett, Marø Havbruk, Karstensen Fiskeoppdrett, Svanøy Havbruk og Nordfjord Forsøksstasjon.

 Kartlegginga vil resultere i ulike temakart:

  1. Djupnekart
  2. Botnsediment (kornstorleik)
  3. Botnreflektivitet
  4. Botnfellingsområde
  5. Ankringsforhold
  6. Gravbarheit
  7. Bratt og flat fjordbotn (skråning)
  8. Miljøtilstand

I tillegg er det tatt miljøprøvar frå 10 stasjonar for å analysere organiske og uorganiske miljøgifter.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00