Marco Elsafadi snakka for ungdomar og foreldre i Førde

Over 1000 elevar frå vidaregåande og ungdomsskule vart utfordra frå scena av Marco Elsafadi under temadagen om ungdom i Førdehuset 18. september. Han oppmoda dei til å vere bevisste på å byggje opp både seg sjølv og andre – i staden for å bryte ned.

– Kor mange av dykk har krangla med foreldra dykkar den siste månaden? Kor mange hugsar kvifor? Smittar godt humør? Smittar dårleg humør?

Slik starta Marco Elsafadi føredraget sitt i Førdehuset. Elsafadi er basketballspelar på toppnivå og har jobba med ungdom dei siste 17 åra. Tysdag 18. september var han på plass i Førde for å snakke til tiandeklassingar og elevar i vidaregåande skule. På kvelden var det føredrag for foreldra.

Demonstrerte gruppepress

– Eg likar å utfordre, sa Elsafadi og beviste nettopp dette gjennom føredraget.

To elevar måtte opp på scena, ein for å framføre ein appell han hadde fått eitt minutt på å førebu, ei anna for å danse magedans (ho slapp). Slik demonstrerte han gruppepress. Eleven på scena følte presset frå salen heller enn frå Elsafadi, som var den som plasserte dei i den ubehagelege situasjonen.

– Gruppepress oppstår alltid med uønskt merksemd. Hugs at det alltid er nokon som har makta i ein klasse, og det er ikkje nødvendigvis læraren. Pass på å ikkje bryte ned verken dykk sjølv eller andre, var beskjeden frå Elsafadi.

Engasjerte og konsentrerte elevar

Silje-Mari Geithus og Siri Sættem er elevar ved Hafstad vidaregåande skule og sat i salen under det første føredraget. Dei slår fast at Elsafadi gjorde inntrykk.

– Det var veldig bra og meir enn eit føredrag. Han fekk oss med, og det var heilt annleis enn å sitje i eit klasserom og høyre på ein lærar. I timane dett ein ut av og til, men ikkje her. Me var engasjerte og konsentrerte heile tida, seier dei to jentene.

Også miljøkoordinator ved Hafstad, Ane Birkeland, var svært nøgd med Elsafadi.

– Han snakkar enkelt og konkret og bruker tenkjemåten til ungdomane. Han framstår som ein positiv autoritet, seier ho.

Mål om årleg arrangement

Temadagen i Førde var eit samarbeid mellom dei vidaregåande skulane Mo og Jølster, Hafstad og Øyrane, Førde kommune, politiet og nokre FAU-grupper ved førdeskulane. Målet er at dette skal verte eit årleg arrangement.

Målet er å få ut same bodskapen til alle ungdomane – og til dei vaksne. Arrangørane ønskjer å setje søkjelys på ungdomane i Førde på tvers av etatar og skular. Dei lever i den same ungdomskulturen, og dei opplever dei same krava og forventingane.

Mange foreldre møtte opp til arrangementet på kveldstid. Dei vart utfordra på same måte som ungdomane, og temadagen var like effektfull for vaksne som for ungdom.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00