Foto av ein ungdom som syklar på ein elsykkel med lastekasse framme.

Foto: Norsk elbilforening

Mange søkjer tilskot til elsykkel

Fylkeskommunen har fått nærare 480 søknadar om støtte til å kjøpe elsykkel, frå privatpersonar, verksemder og kommunar. Og endå er ikkje fristen for å søkje tilskot ute.

Det var i byrjinga av mars at fylkeskommunen opna for å søkje om støtte til elsykkel.

Svært gledeleg

– Søknadsmassen er litt overveldande, men det er veldig gledeleg at det er så stor interesse for dette. Det syner at folk i Sogn og Fjordane vil redusere bilbruk og heller ta seg fram på meir miljøvenlege måtar. Det er stas, seier klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Tilskotsordninga fekk ein del merksemd i både sosiale og tradisjonelle medium då ho vart lansert, og søknadane byrja å renne inn. Til no – 5. april – er det kome inn nærare 480 søknadar. Og endå er det mogleg å søkje.

Opnar for å auke potten

Fylkeskommunen har sett av 200 000 kroner til dette føremålet i år, så det blir kamp om kronene. Men Mølmesdal opnar for å omprioritere klimamidlar og auke potten, slik at fleire kan få støtte. Når det gjeld utveljinga av kven som får midlar og ikkje, er det lagt nokre føringar i vilkåra for ordninga.

– Vi kjem til å prioritere tilskot til kjøp av elektriske laste-, transport- og passasjersyklar. Det vil seie syklar som skal brukast av til dømes barnehagar, aldersheimar og som fraktesyklar for bedrifter, fortel Mølmesdal.

Her kan du lese meir om tilskotsordninga for kjøp av elsykkel og sende inn søknad.

For meir informasjon

Ida-Beate Mølmesdal
klimakoordinator
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut