Heim/Måløy vidaregåande skule
Slik har parkeringsplassen vore i fleire veker no.

Slik har parkeringsplassen vore i fleire veker no. Foto: Bjarne Husevåg

Måndag startar 1. pulje praksisundervisinga.

Etter fleire veker med nettundervising, startar no dei vidaregåande skulane med ei gradvis opning av skulen igjen. Fyrst ute er dei praktiske faga på VG2 yrkesfag. Går alt vel m.o.t. vidare lav smittespreiing, vil neste gruppe kunne forvente at dei vil få komme inn på skulen att rundt 11.mai, og siste pulje rundt 25.mai.

Leiinga og faglærarane har lagt ned mykje arbeid for å organisere undervisinga frå den 27.april. Framleis vert teorifaga undervist på nett, og det er sett klare avgrensingar på både bruk av praksisområder, garderobar og kantine. Likeeins dette med pausar, slik at ein unngår unødige samlingar av elevar på tvers av klassene/gruppene. Avdelingsleiarane og helsesøster vil orientere elevane på mandags morningen om dei fastsette smittevernreglane som gjeld for alle.

Skulebussane vil køyre etter oppsett rute, men det er oppfordra til å bruke eigen transport til og frå skulen, men ikkje slik at ein fyller opp trange personbilar med elevar som ikkje bur i same husvære. Nyttar ein skulebussane så vær merksam på at det er innførd restriksjonar på tal passasjerar og avstand mellom passasjerane.

På skulen er det eigne smittevernreglar på dei forskjellige praksisplassane som elevane må rette seg etter.

Under vil du finne ein vegleiar for smittevern tilpassa Måløy vidaregåande skule, generelle tilrådingar og smittevernreglar frå Folkehelseinstituttet (og som alle skal følgje) samt vegleiar for ungdomsskule og vidaregåande skule frå Utdanningsdirektoratet.

Dei tilsette og leiinga ved Måløy vidaregåande skule ønskjer dei fyrste elevane velkommen tilbake til skulen på mandag, og håper at situasjonen no stabiliserer seg slik at dei andre puljane og kan få kome tilbake til skulen og avslutte skuleåret på ein best mogeleg måte.

VEL MØTT PÅ MÅNDAG.

Vegleiar om smittevern ved Måløy vidaregåande skule

Lenke til Generelle tilrådingar og smittevernreglar frå Folkehelseinstituttet

 Vegleiar for ungdomsskular og vidaregåande skular frå Utdanningsdirektoratet