Luster vidaregåande skule avslutta 137 år med skuledrift

Rundt 40 tilsette og inviterte gjester deltok på avslutninga for Luster vidaregåande skule på Munthehuset i Kroken 20. juni. Det vart ei flott markering, der dei tilsette fekk mykje skryt for måten dei har takla utfordringane dei siste åra på.

– Tusen hjarteleg takk frå politikarane i Sogn og Fjordane og i fylkestinget – for at vi har tilsette som greier å takle vanskelege politiske vedtak på den måten de har gjort ved Luster vidaregåande skule. Det er aldri lett for nokon å leggje ned skular, men de har møtt situasjonen på ein utruleg god måte, sa leiar for hovudutvalet for opplæring, Norvall Nøringset.

Gode verdiar å ta med vidare

Også rektor Kenth-Rune Teigen Måren, fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim og assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer roste dei tilsette. Både dei tilsette sjølve og fleire av gjestene streka under det gode miljøet og dei gode verdiane på skulen på Hafslo.

– De har gjort ein forskjell for elevane dykkar. De har gitt dei kunnskap, haldningar, verdiar og eit godt grunnlag for å møte livet. Ta med dykk dette vidare til nye skular. Hald elevperspektivet høgt og hald fram å vere utviklingsorienterte og fleksible, sa Skaasheim.

Lang historie frå 1877 og fram til i dag

Luster vidaregåande skule har ei lang historie, der evna til omstilling har vore eit stikkord heile vegen. Tidlegare rektor, Per Jørgen Loen, tok gjestene med på ei reise gjennom historia til skulen, frå den spede starten som amtsskule for jenter i Holmedal i 1877. Derifrå flytta skulen til Munthehuset i Kroken, før han enda opp på Hafslo i 1958. Sidan den gong har skulen gått under namna Hafslo husstellfagskule, Hafslo vidaregåande skule og frå 1998 – Luster vidaregåande skule.

– Det har vore eit kjenneteikn ved skulen at han har klart å tilpasse seg nye tider og å utvikle seg. Samstundes har ein teke vare på tradisjonar og verdiar heile vegen. Det fremste kjenneteiknet på skulen er evna til å sjå og ta vare på den enkelte og gje eit så individuelt tilpassa opplegg som mogleg. Dette har ikkje med bygningar å gjere, men med folka inni, sa Loen.

Klare for nye høgder

Det var Luster vidaregåande skule sjølv som inviterte til avslutningsarrangementet i Munthehuset i Kroken, der skulen heldt hus i heile 60 år. Stemninga var god, og gjestene fekk serverte rømmegraut, mjød laga ved skulen, kaffi og blautkake, og det var musikk ved folkemusikktrioen Bufaste tonar. Dei tilsette la vekt på at dei har endringskompetanse andre kan misunne dei og skålte for kollegiet.

Frå Kroken reiste dei vidare til Turtagrø for den tradisjonelle avslutningsfesten på skuleåret. Og rektor Kenth-Rune Teigen Måren forsikra om at destinasjonen ikkje var tilfeldig valt.

– No reiser vi vidare til Turtagrø, for å vise at vi er klare for nye høgder, slo han fast.

Sjå fleire bilete frå avslutninga på Flickr-kontoen til fylkeskommunen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00