Foto av Gro-bygget i Hornindal. Nygget er raudt med vindauge på heile eine langsida. I framgrunnen ser vi litt av eit vatn, og framfor bygget står bord og benkar og fleire store tre.
Foto av Gro-bygget i Hornindal. Nygget er raudt med vindauge på heile eine langsida. I framgrunnen ser vi litt av eit vatn, og framfor bygget står bord og benkar og fleire store tre.

Gro-bygget i Hornindal får 150 000 kr frå Riksantikvaren. (Foto: Harald Vartdal).

Lokale kulturminneplanar gav statlege kroner

Gro-bygget i Hornindal, Selje kloster og Kystpilegrimsleia har fått til saman 750 000 kr i statlege verdiskapingsmidlar frå Riksantikvaren.

Det fylkeskommunale prosjektet Lokale kulturminneplanar gjev resultat. Hornindal kommune ferdigstilte kulturminneplanen sin i fjor, og alt i år har eitt av kulturminna i planen fått midlar over statsbudsjettet.

Viktig arbeid for å få pengar

Gro-bygget i Hornindal er eit tradisjonelt industribygg frå 1960-talet, som no er tenkt rusta opp til aktivitetshus i bygda. For å få til dette, trengs det midlar til mellom anna vedlikehald. No har Riksantikvaren gjeve eit tilskot på 150 000 kr til å starte opp arbeidet. Den lokale frivilligsentralen står bak søknaden.

Fylkeskonservator Eva Moberg er svært glad for at nettopp denne søknaden vann fram i konkurranse med mange andre. 

– Dette viser at kulturminneplanarbeidet er viktig for å kome i posisjon til å hente ut tilskotsmidlar. Lokal mobilisering rundt kva som er viktige kulturminneverdiar, saman med prioritering av tiltak for å vidareutvikle kulturminna som ressursar i lokalsamfunna, er noko av det vi har oppmoda kommunane om å gjere. No ser vi at dette gjev resultat, seier Moberg.

Pengar til pilgrimshistorie og kloster

Sogn og Fjordane har også fått midlar til arbeidet med Kystpilegrimsleia og Selje Kloster. I prosjektet Kystpilegrimsleia samarbeider fylkeskommunane og bispedøma langs kysten frå Stavanger til Trondheim om å legge til rette infrastruktur slik at det vert mogleg å følgje pilegrimane sin sjøreise langs kysten.

Riksantikvaren har gjeve eit tilskot på 500 000 kr til planlegging av ulike opningsarrangement i 2018. Arbeidet skal skje i tett dialog med Forbundet Kysten og dei lokale kystlaga.

Også Selje kloster får pengar frå Riksantikvaren. Selje kommune har i mange tiår jobba aktivt for å formidle dei unike klosterruinane på Selja. I år har dei fått 100 000 kr i verdiskapingsmidlar til å utbetre stiar og trapper i terrenget.

Kulturminnesatsingar med stort potensial

Prosjektet Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar. Alle kommunane i fylket skal vedta ein kulturminneplan, som skal hjelpe dei å prioritere, engasjere og motivere til satsing på kulturminne.

Riksantikvar Jørn Holme meiner bruk og gjenbruk av kulturminne er ei spanande satsing.

– Vi har stor tru på å bruke kulturminne som utgangspunkt for verdiskaping. Det gir mange moglegheiter for nyskapande næringsliv og kulturturisme, seier Holme.

Du kan lese meir om prosjekta som fekk tilskotsmidlar frå Riksantikvaren her.

For meir informasjon

Eva Moberg
fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00