Legg fram ny eigarmelding

For tredje gong vert det no lagt fram ei fylkeskommunal eigarmelding med ei komplett oversikt over eigarskapa til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Nytt av året er at også stiftingar der fylkeskommunen er medstiftar, er tekne med.

Den nye eigarmeldinga vert lagt fram for, og skal handsamast av, fylkesutvalet i møte onsdag 29. september. Saka skal òg opp i fylkestinget 19. oktober.

Stabil og aktiv eigar

– Eg er godt nøgd med at vi no for tredje gong legg fram eigarmeldinga. Den syner at vi har eit godt ordna eigarskap. Fylkeskommunen er ein stabil og aktiv eigar i ei rad verksemder som er viktige for utviklinga i fylket, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers, som trekkjer fram eigarposten i Sogn og Fjordane Energi som den viktigaste for fylkeskommunen.

– Denne gjev bra utbytte og representerer store verdiar, og verksemda er viktig for fylket, seier han.

Fylkesrådmannen meiner også det er interessant å sjå at aktiviteten i Fjord1 aukar sterkt, men at dette skjer i andre fylke enn Sogn og Fjordane.

– Det nye anbodsregimet, både på buss og båt, gjer at risikoen ved eigarskapen aukar. Krav til eigenkapital er krevjande. Framtidig eigarskap er nok òg meir usikkert etter at Møre og Romsdal har signalisert at dei vil selje sine 41 prosent i Fjord1, seier Øhlckers.

Fullstendig oversikt over eigarskap

Den fylkeskommunale eigarmeldinga er eit forholdsvis nytt konsept, og meldinga er delt i to delar. Den første tek føre seg eigarskapspolitikk, rutinar og prinsipp for fylkeskommunal eigarskap. Den andre er ein fullstendig gjennomgang av kvart av selskapa fylkeskommunen har eigarskap i, basert på selskapa sine årsrekneskap for 2009 og generalforsamlingar.

I år har ein også teke med ei oversikt over stiftingane der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore medstiftar.

Del dette:

Relaterte lenker