Framside på årsrapport 2015
Framside på årsrapport 2015

Legg fram årsrapport for 2015

Fylkesrådmann Tore Eriksen legg no fram årsrapporten for 2015. I forordet tek han opp tema som kommune- og regionreform og nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

– Det bør liggje ein aktiv regionalpolitikk til grunn for styringa av landet vårt. Og dette må ikkje vere fordi vi elles avfolkar distrikta, men fordi det truleg vil vere god samfunnsøkonomi å bruke dei ressursane vi har – i alle landsdelar, skriv fylkesrådmannen i forordet til årsrapporten.

Han peiker på Danmark, og korleis dei har flytta 3900 statlege arbeidsplassar frå København til 38 andre byar, for å skape vekst og utvikling i heile landet. Kvifor tenkjer ein ikkje tilsvarande i Noreg? spør Eriksen.

Ny økonomisk kvardag

Per mars 2016 ser det ut som om inntektene til fylkeskommunen fram til og med 2019 vil gå ned med 140-210 mill. kr årleg. Eriksen meiner vi har kome godt i gang med å tilpasse utgiftene til eit lågare inntektsnivå.

– Vi fekk til ein god økonomiplanprosess våren 2015, der vi gjennomførte utgreiingar, og nærare prioriteringar i hovudutvala la eit viktig grunnlag for fylkestinget sitt vedtak.

I årsrapporten trekk fylkesrådmannen fram at fylkeskommunen på ny lukkast med å få trappa opp inntektssystemet sin låge tapskompensasjon. Han nemner og den omfattande prosessen rundt nedsal av eigarposten Fjord1.

Regional utvikling

– Eg tilhøyrar nok dei som framleis vil meine at vi bør sjå på folketalsdata, skriv fylkesrådmannen i årsrapporten.

Trivsel er knytt til levebrød og aktivitet, noko som gjer at folketalet aukar, meiner han. Men Eriksen peiker også på at dei årlege analysane må bli meir nyanserte. Mange andre fylker hadde svakare vekst i 2015. Utfordringa vår er å greie å halde på mange av våre eigne og ta godt imot dei som kjem til fylket, skriv fylkesrådmannen.

Les heile årsrapporten for 2015 som pdf
Les heile årsrapporten for 2015 som issuu

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut