Foto av nytilsett fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, ved inngangspartiet til Fylkeshuset i Leikanger. Foto: Birthe Johanne Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Foto av nytilsett fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, ved inngangspartiet til Fylkeshuset i Leikanger. Foto: Birthe Johanne Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lefdal vert ny fylkesdirektør

Fylkesrådmannen har tilsett Dina Lefdal som ny fylkesdirektør for samferdsle.

Lefdal arbeider i dag som sjefingeniør i Staten vegvesen og har lang røynsle derifrå.

Noverande fylkesdirektør – Velaug Veum – sluttar i stillinga i løpet av det første halvåret av 2016. Det vert avtalt når Lefdal tek til seinare.

Fylkesrådmannen takkar Veum for godt arbeid gjennom mange år og ønskjer Lefdal velkomen som ny fylkesdirektør.

Det melde seg tre søkjarar etter utlysing av stillinga som fylkesdirektør for samferdsle.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut