Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.
Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.

Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons

Ledig drosjeløyve i Stryn

Det ledige løyvet er stasjonert i Innvik. Det gjeld personbil med inntil ni sete, og det er også krav om at bilen er tilrettelagt for rullestol.

Kvalifikasjonskrav og vilkår for løyvet vert stilt i medhald av yrkestransportlova med forskrifter. Det er taksameterplikt og uniformsplikt for alle løyvehavarar.

Fristen for å søkje på det ledige drosjeløyve er 18. desember 2019.

Du må søkje på fastsett skjema: Søknadsskjema for drosjeløyve.

Søknaden sender du til post@sfj.no eller til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Dersom du har spørsmål, ta kontakt på 57 63 80 00.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no