Lærlingsituasjonen per 12. august i Sogn og Fjordane

Fylkeskommunen har tett dialog med opplæringskontora, som har starta arbeidet med å gå gjennom lister og kontakte søkarar som ikkje har læreplass. Fylkesdirektøren har også sett inn fleire resursar, slik at vi kan arbeide direkte mot søkarar og enkeltbedrifter. Skulane er med på arbeidet, og undersøker kva dei kan bidra med for å sikre at tidlegare elevar får fullføre utdanningsløpet sitt.
Det blir i år også gjeve tilbod om Læreplasskurs. Kurset skal gjere søkjaren meir kvalifisert til å få læreplass. Det startar 1. september og går over tre månadar.

Læreplasskurs – tilbod til deg som enno ikkje har fått læreplass

Notat til fagopplæringsnemnda

Søkarar med ungdomsrett, lærling: 470, tal søkarar som enno ikkje har fått plass: 201
Søkarar med ungdomsrett, lærekandidat: 43, tal søkarar som enno ikkje har plass: 37
Søkarar utan ungdomsrett: 55, tal søkarar som enno ikkje har fått plass: 30

Sett i høve tidlegare år, er ikkje talet urovekkjande på dette tidspunkt. Det er også ein liten usikkerheit rundt talet, då ein del lærlingeplassar er formidla utan at tala har nådd fram til fylkeskommunen enno.

For meir informasjon, kontakt:
Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring
Sogn og Fjordane fylkeskommune
www.sfj.no bekka.skaasheim@sfj.no
tlf: +4757656210, +47 41530956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00