Photoevent
Photoevent

Photoevent

Lærlingar får studentrabatt på buss og båt

Frå 1. juli 2019 får også lærlingar og lærekandidatar studentrabatt når dei skal reise med buss og båt i Sogn og Fjordane.

Det var under fylkestingsmøtet 24. april at fylkestinget vedtok å inkludere lærlingane i studentrabatten. Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen har bestemt at også lærekandidatar vert inkludert i ordninga, som vert gjeldande frå 1. juli. 

Ønskjer du å reise med studentrabatt, må du vise fram gyldig reisebevis. Dette gjeld både når du skal kjøpe enkeltbillett på buss og båt, og når du skal fylle på periodekortet for buss.

For lærlingar og lærekandidatar gjeld følgjande som gyldig bevis: Visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

På buss gir studentrabatten 25% rabatt på enkeltreiser og 40% rabatt på periodekort, medan det på båt blir gitt 50% studentrabatt på enkeltreiser.

Her kan du lese meir om Periodekort Student for buss. Du finn også skjema for bestilling av kortet same stad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut