Låg- og nullutsleppsteknologi for person- og godstransport

I kunnskapsgrunnlaget for Regional Planstrategi blir det peika på at Sogn og Fjordane er eit geografisk stort fylke med få innbyggarar. Sjølv om det er rom for utviding av kollektivtilbodet fleire stader i fylket, vil bilen fortsatt vere hovudtransportmiddel over lengre avstandar for mange i lang tid framover.

Det er difor viktig at det blir lagt til rette for ein utskifting mot ein klimavenleg bilpark.

Vidare viser NTP-Godsanalyse at godstransporten på veg stadig kaprar nye marknadsdeler og vil difor vere ein viktig transportform for næringslivet også i framtida.

Frå nasjonalt hald er overføring av gods frå veg til sjø og bane ønska. I Sogn og Fjordane er overføring til sjø mest aktuelt.  Same rapport peikar på avgrensa klimaeffekt av overføring av gods til andre transportformer, og at ein i staden bør fokusere på å gjere all godstransport meir klima- og miljøvenleg.

I Sogn og Fjordane med spreidd bustad og desentralisert næringsstruktur er det per i dag utfordrande å finne gode og effektive alternativ for bil og lastebil/trailer for person- og godstrafikk. For effektiv redusering av klimagassar ved transport bør difor fylket, på kort og mellomlang sikt, legge til rette for lav- og nullutsleppsteknologi for transport på vegnettet.


Utslepp av klimagassar, 2017.PNG
Nasjonale utslepp av klimagassar frå transport 2017. Utslepp til luft (millionar tonn CO2-ekvivalenter).

Figuren over viser oversikt over klimagassutsleppa i samband med transport. Som vi ser av figuren utgjer klimagassutslepp frå personbilar og varebilar/tunge køyretøy ein stor del av det totale utsleppsnivået frå transportsektoren. Fylkesvise utsleppstal er ikkje tilgjengeleg. Grunna ein desentralisert tettstad- og næringsstruktur saman med eit relativt lite utbygd kollektivsystem er det nærliggande å tru at vegtransporten utgjer ein stor del av utsleppa også i Sogn og Fjordane.

Status

Dei nasjonale transportetatane har fastsatt mål om at alle nye personbilar skal vere utsleppsfrie frå 2025. Figuren under viser ein låg grad av elbilar av bilparken i fylket samanlikna med andre fylke. Det er 58 195 registrerte personbilar i fylket (2017), og berre 617 var registrert som el-bilar. For å oppfylle nasjonale målsettingar må fylkeskommunen leggje til rette for at elbilar kan vere eit reelt alternativ for dei som er avhengige av bil i fylket.

Bestand av elbilar per fylke.PNG

Figur: Tal over el-personbilar etter fylke, 2017. Kjelde: Statistisk sentralbyrå (Motorvognregisteret)

Det har vorte registrert ei stor auke i sal av elbilar seinaste åra. Likevel ser ein at ein fortsatt har ein veg å gå, særskilt med viss ein ser på køyrelengder for køyretøy i alt. Under viser første figur køyrelengder per drivstofftype registrert i 2017. Andre figur viser utviklinga siste tre åra (2015-2017). Denne tabellen syner ei positiv utvikling med fleire kilometer køyrde av elbilar og andre drivstoff (hovudsakeleg bensin -og dieselhybridar). 

Køyrelengder, fordelt per drivstoff.PNG

Andre figur viser utviklinga siste tre åra (2015-2017). Denne tabellen syner ei positiv utvikling med fleire kilometer køyrde av elbilar og andre drivstoff (hovudsakeleg bensin -og dieselhybridar). Nedgongen har vore tydeleg for bensinbilar, medan tal køyrde kilometer for dieselbilar har vore omtrent konstant i denne treårige perioden.

Køyrelengder, per biltype.PNG

Ein viktig føresetnad for auka grad av elbilar i fylket er omfattande utbygging av ladestasjonar, og då fortrinnsvis hurtigladestasjonar. Eit strategisk utbygd nettverk av hurtigladestasjonar er eit grunnkriterium for endring av bilparken i Sogn og Fjordane. Per i dag finst det i alt 17 stasjonar for hurtiglading i fylket.

Med hjelp av støtte frå ENOVA har det vorte bygd ut eit grunnleggande og samanhengande nettverk av hurtigladestasjonar langs fire nasjonale transportkorridorar i Sogn og Fjordane: langs E39 (Hordaland grense-Møre grense), rv5 (Lærdal-Florø) og rv15 (Måløy-Otta), samt utbygging langs E16 (Borlaug-Hordaland grense). Ladestasjonane vart ferdig utbygd og satt i drift mot slutten av 2017, og sikrar minimum to hurtiglademoglegheiter kvar 52,5 km på riksvegnettet i fylket.

Fylkestinget vedtok i sak 53/16, i desember 2016, å vidareføre arbeidet med å ta ei koordinerande rolle i å få på plass hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane. Søkeordninga for tilskot til etablering av hurtigladestasjonar i fylket blei tilført nye midlar, og vert vidareført så lenge det er midlar til dette. Den gjeldande ordninga går for å støtte opp om utbygging av hurtigladestasjonar ved sentrale knutepunkt og strekningar som ikkje fell under ENOVA si støtteordning. Målet er å få ei betre dekning, slik at ein kan nytte seg av elbil i heile fylket.

Skal elbil verte eit reelt alternativ for flest mogleg må fylket legge til rette for utbygging av ladestasjonar på fylkesvegnettet, då særskild regionale hovudvegar (funksjonsklasse B[1]). Saman med auka rekkevidde per lading vil det bidra til at bilar med nullutsleppsteknologi kan nyttast i heile fylket.

På lengre sikt bør ein også sjå på moglegheitene for fleire hydrogenbilar på vegnettet. Hydrogenteknologien er i stadig utvikling, men det er fortsatt fleire teknologiske utfordringar. Generelt er kostnadsnivået høgt, noko som gjer at hydrogen sjeldan er konkurransedyktig per dags dato. Teknologiutviklinga vil vere avgjerande for kor raskt hydrogen kan brukast i større skala for transport. Frå nasjonalt hald er pilotprosjekt foreslått som ein initierande tilnærming.

Eit døme er Sogn og Fjordane sin hydrogensatsing med ein økonomisk ramme på 1,28 mill.kr. Satsinga skal blant anna stette under utbygging av hydrogenstasjonar i fylket.
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00