Foto av ein eldre mann og ei eldre dame, som sit på ein benk i parken ved elva i Førde. Det er grønt gras og sol.
Foto av ein eldre mann og ei eldre dame, som sit på ein benk i parken ved elva i Førde. Det er grønt gras og sol.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kven skal sitje i fylkeseldrerådet i Vestland?

No opnar vi for å nominere representantar til fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune for perioden 2019–2023.

9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval, og ved årsskiftet vert noverande Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar slått saman til Vestland fylkeskommune. I samband med dette skal det veljast medlemer til fylkeseldrerådet i Vestland.

Vi inviterer organisasjonar som representerer eldre til å nominere kandidatar til fylkeseldrerådet. Namn på kandidatar og grunngjeving for nomineringa skal sendast til folkevalde@hfk.no innan 31. august.

Fylkestinget vel medlemane

Fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune skal ha ni medlemer, der to er fylkestingsrepresentantar og sju er valde etter forslag frå organisasjonar som representerer eldre. Fleirtalet av medlemane i fylkeseldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år.

Forslag til medlemer vert lagt fram for valnemnda og fylkestinget under det konstituerande fylkestinget 15.–16. oktober. Fylkestinget vedtek samansetjinga av fylkeseldrerådet. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar blant medlemane.

Kven kan nominerast?

Vi oppmodar om å nominere samfunnsengasjerte kandidatar av fleire kjønn. Merk at all sakshandsaming i fylkeskommunen er elektronisk (naudsynt opplæring vil bli gitt).

Nominerte kandidatar må ha gjeve skriftleg samtykke, ha stemmerett ved valet, og vere folkeregistert i fylket på tidspunktet for valet.

Kva gjer fylkeseldrerådet?

Fylkeseldrerådet er rådgjevande organ for fylkeskommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som angår eldre. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

For utfyllande informasjon viser me til

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568