Menneske i ein forelesningssal. Foto: Oskar Andersen
Menneske i ein forelesningssal. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Kurs for næringsmedarbeidarar

Fylkeskommunen si næringsavdeling og Innovasjon Norge inviterer til samling og kurs for næringsmedarbeidarar 2. og 3.september. Målgruppa er først og fremst næringsmedarbeidarar i kommunar og næringsselskap, og samlinga er lagt til Gloppen Hotell på Sandane.

Onsdag 2.september blir mesteparten av dagen brukt til eit kurs i smidig oppstart (Lean startup/moderne entreprenørskap). Vi startar dagen med å presentere våre tankar om tilbodet til etablerarar, deriblant eit nytt kurs for etablerarar – og få tilbakemeldingar på dette.

Vi samlast kl. 10.30, og held på til rundt kl. 17.00.

Det blir felles middag på kvelden, og overnatting for dei som ønskjer det.

Torsdag 3.september handlar det om kunnskapen om sakshandsaming, retningsliner for kommunale næringsfond og regionalforvalting.no. Vi vil drøfte felles problemstillingar kring retningsliner og bruk av midlar – for å sikre ein god og effektiv bruk av kommunale næringsfond.

Kristian Hyllestad held oppfriskingskurs i regionalforvaltning.no, og dei som ønskjer det får også med seg ei økt om regionalforvaltning.no for vidarekomne.

Dagen startar kl. 09.00 og avsluttast rundt kl. 15.00.

Her finn du påmelding og program.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00