Kunngjer vinnarane av spennande plan- og designkonkurranse

Måndag 29. august blir vinnarane i den opne plan- og designkonkurransen om å utforme nytt fellesmagasin, administrasjon og fellesareal for Musea i Sogn og Fjordane offentleggjort. Kunngjeringa finn stad på Sunnfjord Museum i Movika i Førde og startar klokka 11.00.

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyste i mars i år ut konkurransen om å utforme nytt fellesmagasin, administrasjon og fellesareal for musea i fylket. Då fristen gjekk ut 31. mai var det kome inn 30 forslag, som alle vart tekne opp til vurdering.

Måndag 29. august kunngjer administrasjonssjefen for Musea i Sogn og Fjordane, Inge Bent Arnestad, vinnarane. Det vert presentasjon av arbeidet til juryen og firmaet som får førstepremien får høve til å presentere konseptet og ideen sin.

Målet med ein slik open plan- og designkonkurranse er for det første å få fram eit breitt spekter av forslag som kan gje grunnlag for det vidare arbeidet med realisering av dette prosjektet. For det andre får ein fram ein arkitekt eller eit arkitektfirma med sikte på vidare prosjektering, eventuelt fram til ferdig bygg.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt ansvaret for gjennomføringa av konkurransen og skal stå som utbyggjar av anlegget, som skal byggjast ved Sunnfjord Museum i Movika.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Jan Tore Rosenlund
Bygg- og eigedomssjef
E-post: jan.tore.rosenlund@sfj.no
Telefon: 57 65 61 50
Mobil: 916 74 735

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00