Skjermdump av KulturnettSFJ på Instagram
Skjermdump av KulturnettSFJ på Instagram

Kulturnett på Instagram

Historiske bilete er ein fantastisk skatt frå fortida. Gjennom foto kan ein få eit innblikk i ei tid som for mange er ukjend og framand. Kulturnett SFJ ønskjer å dele historiske foto på nett, og har difor etablert ein Instagram-konto: kulturnettsfj

Eit bilete fangar ein augneblink i historia, men kan også innehalde mykje informasjon om folka og samfunnet rundt. I dag vert det knipsa bilete når som helst og kvar som helst, av kven som helst. Før i tida var fotografering meir sjeldan, og det ligg gjerne mykje planlegging og regissering bak dei historiske bileta. 

Kulturnett Sogn og Fjordane vil dele foto frå institusjonar som Fylkesarkivet, musea i Sogn og Fjordane, Nasjonalbiblioteket og andre. Har du lyst å dele historiske bilete med oss? Del på Instagram med emneknaggen #kulturnettSFJ eller send oss ein e-post: sigrun.espe@sfj.no.

Følg oss på Instagram: 

Del dette:

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00