Fjordstien i Sogndal med sjøhus og benker i sol, saman med faksimile frå BT frå same stad 30 år før.
Fjordstien i Sogndal med sjøhus og benker i sol, saman med faksimile frå BT frå same stad 30 år før.

Strandlina i Sogndal er ikkje mykje å vise fram verken for turistar eller fastbuande, skreiv BT på framsida for 31 år sidan. I dag ville dei neppe sagt det same. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune. Faksimile: Bergens Tidende 16. juli 1988

Kulturfylke frå forfall til framsteg?

16. juli 1988 felte Bergens Tidende ein knusande dom over bygningsmiljøet i Sogn og Fjordane. Det gav støyt til eit langvarig arbeid for meir attraktive tettstader.

16. juli 1988 slo Bergens Tidende opp ein stor reportasje om bygningsmiljøet i tettstadar i Sogn og Fjordane, under oversrkiftene Kulturfylke i forfall og Smakløysa sett i system.«Mange bygdebyar i Sogn og Fjordane er så smaklause at du kan lure på om det ein stad finst eit kontor innerst i ein lang, dunkel korridor, bak grå, massive murveggar, der dei arbeider dag og natt for å setje smakløysa i system.»

Med denne breisida opna BT-journalist Jan Nyberg sin reportasje om bygningsmiljøet i Sogn og Fjordane 16. juli 1988. Reportasjen var slått stort opp i laurdagsavisa og presentert på framsida under tittelen «Kulturfylke i forfall».

Saman med fotograf Oddleiv Apneseth vitja fem Nyberg tettstadar i fylket: Sogndal, Førde, Stryn, Nordfjordeid og Måløy. Domen var ikkje nådig: Dei tradisjonelle sentrumsmiljøa var ifølgje bladfykane forvandla til «postmoderne mareritt» utan sjel eller identitet; eldre bygningar rotna på rot, medan formlause handels- og kontorhus dukka opp utan plan og omtanke for heilskapen.

Ein vekkjar

Reportasjen vart ein vekkjar. Planavdelinga i fylkeskommunen nytta raskt oppslaget og engasjementet det skapte som eit høve til å ta grep. I april 1989 inviterte fylkesarkitekt Anker Ryhl til første samlinga i Forsøksringen for byggeskikk, bygningsmiljø og tettstadforming, som vart eit pionerarbeid innan stadutvikling og starten på ei satsing som held fram enno i dag.

I statusrapporten frå september 1991 står det:

«Oppslaget i Bergens Tidende understreka i ord og bilete at det var naudsynt med ei haldningsendring i høve det fysiske miljøet og naudsynt med nytenking og ekstraordinære tiltak for betring på kort og på lang sikt av dette miljøet.

Målsetjinga for Forsøksringen sitt arbeid er å vere med å utvikle kommunesentra i Sogn og Fjordane til fysisk å bli meir trivelege, spennande, tiltalande og funksjonelle, samstundes som ein tek vare på særpreg, eigenverdi og verneverdige miljø og bygningar. Det er herunder eit mål å vere med å få fram evne, vilje og eit aktivt engasjement til å setje i gang lokalt planleggings- og aktivitetsarbeid for fysisk utvikling av dei enkelte kommunesentra.»

16. juli 1988 slo Bergens Tidende opp ein stor reportasje om bygningsmiljøet i tettstadar i Sogn og Fjordane, under oversrkiftene Kulturfylke i forfall og Smakløysa sett i system.

Arbeid for stadutvikling i fylket

Sidan den gongen har fylkeskommunen årvisst gjeve økonomisk og fagleg støtte til tettstadprosjekt i fylket. Alle kommunar i Sogn og Fjordane kan i dag kontakte fylkeskommunen for samarbeid om tettstadforming. Fylkeskommunen støttar mellom anna analysar og kartlegging, områderegulering, tverrfaglege møteplassar og konkrete tiltak.

Arbeidet legg til grunn at attraktive og miljøvennlege tettstadar er viktige for identitet, trivsel, bulyst og virke, og har mål om å styrke stadleg særpreg og karakter. Sentrumsparken og fjordstien i Sogndal og byparken i Førde er nylege døme på prosjekt fylkeskommunen har støtta.

Du kan lese meir om arbeidet med tettstadforming og stadutvikling på våre nettsider.

Fersk strategi for utvikling

Mykje har skjedd når det gjeld bygningsmiljøet og medvitet om heilskapleg stadutvikling, og arbeidet held naturlegvis fram – også inn i nye Vestland fylke.

I april 2018 vedtok fykestinget Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur i Sogn og Fjordane. Strategien gir føringar for utviklings- og planarbeid i kommunane og fylket, med mål om å skape sterkare regionar med meir attraktive tettstader som utfyller og styrkar kvarandre.

– Attraktive sentrum er viktig for busetjing og vekst i folketalet. Ein god strategi for tettstadutvikling og ei aktiv utvikling av sentra våre kan demme opp mot fråflytting, sa fylkesordførar Jenny Følling då dokumentet var vedteke.

Handelsføresegn på høyring

På grunnlag av Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur har fylkeskommunen utarbeidd eit nytt utkast til Regional handelsføresegn.

Her er det sett som eit mål å revitalisere og styrke sentrum i byar, tettstadar og bygder som viktige møteplassar for befolkning, handel og kulturaktivitetar, med utgangspunkt i særeigne kvalitetar for kvar stad.

Handelsføresegna ligg no ute på høyring, og du kan bidra med di meining innan 31. juli. Les meir om arbeidet med ny handelsføresegn og send innspel her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette