To gult utkledde personar på scena under Kulturfestivalen 2016
To gult utkledde personar på scena under Kulturfestivalen 2016

Foto: Kulturfestivalen 2016, Firda.

Kulturfestivalen 2017

24.–26. mars 2017 er det klart for den 29. kulturfestivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane. 

Norsk forbund for utviklingshemma i Sogn og Fjordane i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kulturfestival for alle i fylket. Velkomen til eit mangfald av kulturuttrykk der den enkelte er i fokus og vi legg vekt på å tilretteleggje kulturelle aktivitetar.

Viktig og eineståande festival

– Dette er kanskje den viktigaste festivalen vi har her i fylket. Her kjem menneske med ulike funksjonshemmingar saman og fyller ei heil helg med kulturopplevingar, latter, glede og humør. Det er ein eineståande festival som vi håpar mange tek del i, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Festivalen samlar deltakarar frå heile Sogn og Fjordane. Verkstadar innan, dans, kunst, musikk, media er det eit breitt spekter av kulturuttrykk. Alle over 16 år kan delta. Kursa er lagt opp med ulike nivå som deltakarane kan melde seg på.

Firda 2.jpg


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Foto: Deltakarane syner måleria sine under Kulturfestivalen 2016, Firda. 

Verkstader, gallamiddag og dans

Festivalen startar fredag 24. mars kl. 14.00 med offisiell opning. Opninga blir i samband med at ein avsluttar ein større kulturkonferanse i Førde (23.-24. mars). Fredag ettermiddag startar verkstadane. Fredag kveld er det middag og dans på kvelden. Laurdag fortset ein med verkstader, opptog i sentrum, gallamiddag og dans med bandet Proffene frå Bergen. Sundag er det verkstader og til slutt samlar vi alle og lagar konsert saman.

Instruktørane kjem frå heile landet med høg kompetanse på verkstadane dei skal ha. I tillegg kjem musikkterapistudentar frå Griegakademiet i Bergen.

I år kjem bandet Good Time Charlie. Vi skal bruke songane deira og dei vil vere med på bandverkstad og elles på festivalen. I tillegg kjem bandet Proffene frå Bergen og spelar til dans laurdag kveld.

GTCkarman- foto Oddleiv Apneseth001 (2).jpgFoto: Good Time Charlie. Fotograf: Oddleiv Apneseth. 

Påmelding 

Konferansen skal vere på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, og ein må vere 16 år for å delta. Hotellet legg godt til rette for at det skal bli ein god fetival.

Elektronisk påmelding på heimesida til konferansen

Treng du hjelp til påmelding eller har spørsmål kan du kontakte Gry Sætre tlf: 909 49 316 eller e-post: gry.setre@gmail.com

Program

Fredag
Kl. 14.00 OPNING med Good Time Charlie
Kl. 15.00 Registrering og enkel servering
Kl. 16.00 Verkstader
Kl. 19.30 Middag
Kl. 21.00 DANS

 

Laurdag
Kl. 09.00 Verkstader
Kl. 11.30 Opptog i Førde sentrum
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.30 Verkstader
Kl. 16.00 OPPTUR
Kl. 19.00 Festmiddag
Kl. 21.00 DANS

 

Sundag
Kl. 09.00 Kurs
Kl. 12:00 KONSERT
Kl. 13.00 Lunsj
Kl. 14.00 Slutt

Kontaktpersonar

Festivalsjef: Gry Sætre. E-post: gry.setre@gmail.com

Kursansvarleg: Jorunn Bakke Nydal. E-post: jorunn.bakke.nydal@sfj.no.     

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00