KS tilbyr studiet Helse og omsorg i plan

Kommuneorganisasjonen KS etablerer no utdanningsprogrammet Helse og omsorg i plan saman med fleire høgskular og universitet. Målet er å betre kompetansen innan kommunalt og regionalt planarbeid.

Målgruppa for studiet er tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseføretak og hjå fylkesmenn. Det er retta mot tilsette som har ansvar for planlegging og planprosessar generelt, og mot dei som har ansvar for implementering av samhandlingsreform, ny helse- og omsorgslov og ny folkehelselov spesielt.

Studiet er gratis og finansiert av Helsedirektoratet. Det startar hausten 2012 og vert lyst ut i april.

Informasjonsskriv.

For meir informasjon

John H. Jakobsen
prosjektleiar, SEVS/KS
mobil: 908 58 032
e-post: john.jakobsen@ks.no

Del dette:

Relaterte lenker