KS tilbyr kompetanseprogram om norsk kommunesektor og EU/EØS

Kompetanseprogrammet «Norsk kommunesektor og EU/EØS i teori og praksis» startar opp til hausten. Det rettar seg spesielt mot folkevalde og administrativt tilsette i kommunar, fylkeskommunar og kommunale bedrifter.

Kommuneorganisasjonen KS har utvikla programmet saman med Høgskolen i Lillehammer. Det har fire modular, som skal gjennomførast i løpet av hausten 2012 og våren 2013. For dei som ønskjer det, kan programmet leie fram til eksamen med 15 studiepoeng på masternivå.

KS tilbyr kompetanseprogrammet også til andre offentlege verksemder og organisasjonar, som ønskje å utvikle kompetanse på dette området.

Del dette:

Relaterte lenker