Foto av øydelagt veg i Utvik etter flaum og ekstremver 25. juli 2017. Asfalt er nesten heilt vekke, grus og stein, to hus i bakgrunnen. Sol.
Foto av øydelagt veg i Utvik etter flaum og ekstremver 25. juli 2017. Asfalt er nesten heilt vekke, grus og stein, to hus i bakgrunnen. Sol.

Uvêret i Nordfjord i juli 2017 fór stygt med fv. 60 i Utvik. Store delar av vegen vart vekke i ekstremvêret. Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Krev fond for vegreparasjon etter naturskade

Fylkestinget i Sogn og Fjordane står bak kravet om ei eiga ordning for reparasjon av fylkesveganlegg og infrastruktur, som har blitt skada som følgje av ekstremvêr og klimaendringar.

Utspelet vart seinast sett fram då fylkestinget kom med innspel til Nasjonal transportplan 2018–2024. Kravet vart aktualisert med uvêret som gjorde store øydeleggingar på fv. 60 i Utvik i sommar. Oppbygging av øydelagde vegar og bruer påfører fylkeskommunen store kostnadar.

– Hendinga i Utvik er endå eit døme som verkeleg syner behovet for ei ordning som kompenserer utgiftene vi får. Vi krev no at regjeringa snarast opprettar eit slikt fond, seier fylkesordførar Jenny Følling, som denne veka sender eit brev med kravet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

255 millionar i nettokostnadar

Hendingane i Sogn og Fjordane dei siste åra, med mellom anna øydelagd veg langs Otterdalsstranda i Hornindal og store øydeleggingar i Flåm og Utvik, har ført til store kostnadar for fylkeskommunen. Sidan 2010 har fylkeskommunen hatt over 255 millionar i nettokostnadar. Under halvparten har vorte dekka av staten.

– Det er urimeleg at vi skal ta så store kostnadar, spesielt når vi ser at desse skadane berre rammar nokre fylke, meiner fylkesordføraren.

Ho trekker fram Hedmark og Oppland som andre fylke som har vore særleg hardt ramma av ekstremvêr dei siste åra.

Les brevet fylkesordføraren har sendt til departementet.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no