Kraftfylka får eiga nettside

Måndag 27. oktober klokka 12.00, vart www.kraftfylka.no lagt ut som offentleg nettstad.

Kraftfylka er ei interesseforeining som har til formål å fremje og ivareta kraftfylka sine felles interesser i kraftspørsmål og sikre at ein størst mogleg del av verdiskapinga blir verande att i dei områda der vasskraftressursane finst og verdiane blir skapt.

Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, sit i styret til Kraftfylka, saman med seks andre representantar frå dei andre medlemsfylka. Dei representerer alle dei elleve Kraftfylka. Følling ser behovet for den nye nettstaden, kraftfylka.no.

– Vi er sju som representerer elleve fylke. Ein nettstad der vi legg ut all relevant informasjon på, er ei god løysing. På den måten får alle den informasjonen dei treng og kan kome med innspel , utan å vere representert i styret, seier ho.

Politisk verktøy

Kraftfylka ønskjer at interesseorganisasjonen skal vere eit kraftpolitisk verktøy for medlemsfylka, og trur at det kan bli enklare oppnådd med god informasjonsflyt.

– Vår jobb er også å aktivt ivareta fylka sine interesser opp mot regjeringa og Stortinget. Og med så mange fylke involvert, er det viktig at vi held kontakt med alle.

Samarbeidet mellom kraftfylka går tilbake til 1991, medan interesseforeininga blei stifta i 2013. Foreininga er engasjert i ei rekkje aktuelle saker, som kostnadsfordelinga i kraftnettet, organiseringa av kraftnettet og effektane av kommune- og regionreformen på eigarskap i kraftsektoren og fordeling av konsesjonskraft.

– Dei som har kraftinteresser skal ivareta kraftinteressene . Kraftfylka ein viktig reiskap for å ivareta fylkeskommunane sine interesser som krafteigar, seier Følling.

Tung aktør

Følling fortel vidare at det betyr mykje at Kraftfylka samlar seg.

– Det er klart at når dei fylka som produserer mest kraft i landet, samlar seg, så blir det ein tung aktør. Då må regjeringa og Stortinget høyre oss, seier ho.

På kraftfylkas heimeside vil du finne informasjon om foreininga, aktuelle kraftnyhende, Kraftfylkas høyringsytringar og innspel, samt blogg for informasjons- og kunnskapsutveksling.

Vi sjåast på www.kraftfylka.no!

Fakta: Kraftfylka er Hedmark, Oppland, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms.

Kontaktperson:

Jenny Følling
Fylkesvaraordførar
Tlf: 479 05 990
E-post: jenny.folling@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut