Reisande med buss, illustrasjon.
Reisande med buss, illustrasjon.

Foto: Photoevent

Korleis kan kollektivtilbodet vårt bli betre?

No inviterer vi deg som brukar av buss, båt og ferje i Sogn og Fjordane til å føreslå betringar i rutetilbodet.

Innspela kan til dømes dreie seg om å justere rutetider for å betre korrespondansar, eller legge betre til rette for ei gruppe reisande.

Sogn og Fjordane går inn i Vestland frå 1. januar 2020, og større endringar i det framtidige kollektivtilbodet ligg til den nye fylkeskommunen.

– Formålet med rutekjøpssaka i år er først og fremst å gjere nødvendige justeringar, og å gje fylkeskommunen betre kunnskap om kva som er etterspurt, seier Øystein Hunvik, assisterande fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane.

Kva kan du gje innspel på?

Du står fritt til å gi innspel på det du meiner er viktig. Det er likevel verdt å merke seg at dei fleste rutene i fylket har bindingar.

Ruter med skuleskyssfunksjon er i praksis låst, sidan skuleskyssen er ei lovpålagd teneste. Korrespondanse med andre ruter og ferjetider er andre former for bindingar.

– Det å justere ei rute til det beste for eitt formål, kan ofte gå utover eit anna formål. Til sist er det ei politisk vurdering kva formål som skal prioriterast. Det vert i år lagt opp til å gjere mindre justeringar innanfor gjeldande økonomiske ramme, seier Hunvik.

Slik gjev du innspel

Send innspel om betring av kollektivtilbodet til kommunen din innan 23. juli.

Kommunane i fylket må sende innspel og tilrådingar til fylkeskommunen innan 23. august.

Etter planen vert rutekjøpssaka lagt fram for hovudutval for samferdsle i haust. Endringane blir gjeldande frå juni 2020.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut