Nærbilete av kablar som lyser lyseblått i eit mørkt rom.
Nærbilete av kablar som lyser lyseblått i eit mørkt rom.

Foto: Clem Onojeghuo/unsplash.com.

Korleis arbeide med innovative nettverk?

Vi må samarbeide for å lukkast i eit konkurranseutsett, internasjonalt næringsliv. Vi må dele kunnskap og ferdigheiter. Men korleis gjer vi det i små distriktssamfunn?

Omstillingstakten aukar. Nyskaping er på dagsorden i konkurranseutsett næringsliv. Det vert snakka om eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane. Evne til å dele kunnskap og ferdigheiter er nøkkelen. 

Ufullstendige klynger

– I meir urbane samfunn har ein gjerne utvikla arbeidsmåtar der forskarar, bedrifter, det offentlege og også ofte brukargrupper samarbeider for å skape nye og betre løysingar. Dette har vore vanskelegare å få til i distriktssamfunn som i Sogn og Fjordane. Slike «klynger» vert gjerne ufullstendige og av og til dominerte av det offentlege. Det vil vi gjere noko med, fortel fagkoordinator Lars Hustveit i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen og samarbeidspartane la problemstillinga fram for innovasjonsforskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking i Sogndal. Resultatet er no presentert i kortform som «sju råd for god nettverksleiing og fire øvingar for å etablere og fornye nettverk» forfatta av forskarane Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid og Øyvind Heimset Larsen.

Kvifor ei verktøykasse?

I Sogn og Fjordane har vi ikkje lukkast noko særleg med å etablere bedriftssamarbeid som når opp i konkurransen om midlar til klyngeprogram (Arena og NCE). SSB-statistikk syner at bedrifter i fylket samarbeider i nyskapingsprosessar, men det er mindre vanleg å dra vekslar på kunnskapen i ulike forskingsmiljø. 

– Vi bad forskarane studere utvalde nettverk og komme med råd. Evne til tids- og kostnadseffektivt samarbeid er avgjerande for kunnskapsdeling. Korleis kan vi utvikle samarbeidet mellom bedrifter, forskings- og utdanningsmiljø, forvaltninga (verkemiddelapparatet) og brukargrupper i tynt befolka område? Det var utgangspunktet, fortel Hustveit.

Ikkje kopiere andre

Bestillinga til forskarane var å kome med råd og forme råda som ei praktisk verktøykasse. Målet er å profesjonalisere samarbeid i innovasjonsnettverk slik det passar i samfunnet vårt.

– Vi skal utvikle evna til å starte opp, utvikle og omstille samarbeid mellom forskinga, det offentlege og bedriftene. Vi ønskjer ikkje å kopiere klynge-løysingar utvikla i Frankfurt eller Boston. Vi må heller utvikle dei føremonene og moglegheitene som ligg i distriktssamfunna, seier Hustveit.

Næringsmiljø med godt samspel med utdanning, forsking og forvaltning er attraktive stadar å etablere nye verksemder, og også vanskelegare å flytte frå, til dømes ut frå argument om lågare lønskostnader i andre land.

Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk

Meir om innovasjonsnettverk

For meir informasjon

Lars Hustveit
fagkoordinator
lars.hustveit@sfj.no
415 30 972

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00