KORK i Sogn og Fjordane på NRK1

Det er no klart at NRK1 skal sende deler av jubileumkonsertane med Kringkastingsorkesteret (KORK) på Nordfjordeid 15. og 16. november. Konsertane er eitt av høgdepunkta i feiringa av fylkesjubileet.

– Dette blir heilt fantastisk. Her får vi vist fram dei beste musikarane frå Sogn og Fjordane for heile landet saman med Kringkastingsorkestret, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Artistar som Tone Damli, Eva & The Heartmaker, Olav Stedje, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Good Time Charlie og Odd Erik Lothe skal alle framføre låtar saman med 60 musikarar i Kringkastingsorkestret.

Gjer festen endå større

NRK skal produsere 49 minutt TV til NRK1 frå festkonsertane i Operahuset. Sendetidspunkt blir fredag 13. desember klokka 20.05.

– Eg trur ikkje det er produsert noko liknande herifrå fylket nokon gong. Dette gjer jubileumsfesten på Nordfjordeid enno større, seier Sjursen Takle.

NRK Sogn og Fjordane som skal produsere TV-sendinga frå konserten saman med KORK.

Samarbeid og jubileum

Det er NRK Sogn og Fjordane og Operahuset Nordfjord som arrangerer konserten saman med fylkeskommunen og sponsorane Sparebanken Vest, Fjord1, SFE, Rikskonsertane og Sunnfjord GeoConsulting.

– Utan denne gjengen med samarbeidspartnarar hadde det vore heilt umogleg å hente eit slikt orkester på denne måten, seier Sjursen Takle.

Konserten er ei markering av at Sogn og Fjordane fyller 250 år i 2013. Som ein del av dette får også 1000 elevar sett generalprøven til festkonserten.

Stor og flott produksjon

For Kringastingsorkestret er det også ekstra spennande at jubileumsfesten vert sendt på TV.

– Vi har laga ein stor og flott produksjon, og vi er veldig glade for at resten av Norge også får sjansen til å delta på festen og får sett dette gullet, seier Rolf Lennart Stensø, som er sjef for Kringkastingsorkestret.

Sendinga frå Nordfjordeid vert også sendt i reprise i romjula.

Hektisk festveke

Dei første trailerane frå Kringkastingsorkestret kjem alt tysdag før konsertane, som vert arrangert fredag 15. og laurdag 16. november.

Sjølve orkestrert kjem onsdag. Musikarane har sett av heile torsdagen til prøver, før det blir generalprøver med elevar og premierekonsert fredag. Laurdag blir det konsert både på ettermiddag og kveldstid.

Utselde konsertar

Alle billettane er utselde, men det er mogleg å sette seg på venteliste.

– Det er alltid nokon som ikkje kan kome fordi det dukkar opp noko, eller ein vert sjuk. Så det er berre å ikkje gi opp dersom ein har lyst å sjå denne festen i levande live. Også ei rekkje unge instrumentaltalent får vise seg fram saman med KORK, og bestillingsverket «Tri Tonar» skal urframførast. Dette blir ei musikalsk oppleving for livet, seier Sjursen Takle.

For meir informasjon

Stian Sjursen Takle
prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane
tlf.: 950 60 974

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut