Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Kontrollerer innkjøpa i fylkeskommunen

Kontrollutvalet har bestilt ein forvaltningsrevisjon for å vurdere om innkjøpa i fylkeskommunen er i samsvar med lov om offentlege anskaffingar. 

Målet med revisjonen er å sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit system som sikrar at innkjøpa vert gjort i tråd med regelverket om offentlege anskaffingar, og at fylkeskommunen etterlever regelverket i oppfølginga av leverandørar.

Bidreg til godt renommé

– Dette er eit prosjekt som vil vere med å sikre fylkeskommunen eit godt renommé, og som vil bidra til å gjere fylkeskommunen betre og meir truverdig for innbyggjarane i fylket. Offentlege innkjøp er utfordrande, og det er viktig for alle at fylkeskommunen viser at dette er eit område ein har god kompetanse på, og at denne kompetansen vert nytta til å gjennomføre gode og trygge innkjøp i samsvar med lovverket, seier Djuvik.

Deloitte er forvaltningsrevisoren til fylkeskommunen og skal gjennomføre forvaltningsrevisjonen.

Ser særleg på sosial dumping

Revisjonen omfattar heile innkjøpssystemet i fylkeskommunen. Kontrollutvalet har likevel bedt spesielt om at revisor kontrollerer tiltak mot sosial dumping i innkjøpa.

Det er eit resultat av at Riksrevisjonen i fjor kom med ein rapport som synte at berre 54 prosent av norske kommunar og fylkeskommunar har rutinar som sikrar at ein i utlysinga av anbod har krav til løns- og arbeidsvilkår. Berre 23 prosent har rutinar som sikrar løns- og arbeidsvilkår i oppfølginga av leverandørar som leverer varer og tenester til kommunesektoren.

– Innbyggjarane skal kunne ha tillit til at fylkeskommunen tek problema med sosial dumping på alvor, og at tilsette hos leverandørane til fylkeskommunen har skikkelige løns- og arbeidsvilkår i tråd med norske lover og reglar, seier Djuvik.

Forventar at rutinane er gode

Kontrollutvalet forventar at fylkeskommunen har gode og trygge rutinar for konkurranseutsetting og gjennomføring av innkjøp, i tillegg til kontrollrutinar som sikrar at innkjøpa og oppfølginga av leverandørane vert gjort i samsvar med lover og reglar.

– Deloitte har tidlegare synt at dette er eit revisjonsområde dei har stor kompetanse og kunnskap på, og vi er sikker på at vi vil få ein god og grundig rapport på korleis tilstanden er på dette feltet, avsluttar Djuvik.

Sak 4/2017 - Kontrollutvalet si bestillingssak

For meir informasjon
Frank Willy Djuvik
leiar i kontrollutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune
926 26 976
frank.willy.djuvik@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713