damq 6qxs 2k
damq 6qxs 2k

Frank Willy Djuvik i kontrollutvalet 7.oktober. Foto:Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Konsulentkjøp til fylkestinget

Kontrollutvalet handsama 7. oktober forvaltningsrevisjonen om kjøp av advokat- og rådgjevingstenester i «Fjord1-saka». Saka går vidare til fylkestinget.

I saka «Forvaltningsrevisjon - Anskaffing av advokat- og rådgjevingstenester i «Fjord1-saka» ligg det føre ein rapport etter gjennomført forvaltningsrevisjon. Fylkesrådmann Tore Eriksen har kome med ein høyringsuttale, som er lagt inn i rapporten.

Kontrollutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

  1. Fylkestinget tek rapporten etter gjennomført forvaltningsrevisjon av anskaffinga av advokat- og rådgjevingstenester i Fjord1-saka til etterretning.
  2. Etter gjennomgang og vurdering av opplysningar i saka opp mot reglane for offentlege anskaffingar er det Fylkestinget si vurdering at Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved fylkesrådmannen, har kjøpt tenester frå både DHT og Wiersholm utan at reglane for offentlige innkjøp er følgt. Fylkestinget meiner at dei overordna føresegnene i Lov om offentlege anskaffingar §5 er broten i 6 av 7 tilfelle, og at brot på forskrift om offentlege anskaffingar, og gjennom dette ulovleg direkteanskaffing, er gjennomført ved engasjering av Wiersholm i samband med «Juridisk bistand med lovlegkontroll, jf. kommuneloven § 59»
  3. Fylkestinget ber kontrollutvalet gjennomføre forvaltningsrevisjon av innkjøp der det vert lagt vekt på vurdering av rutinar, kompetanse, konkurranseutsetting og kontrollaktiviteter ved fylkeskommunale innkjøp i forhold til gjeldande lov- og regelverk.  

Saksframlegg: 16/2566-12 Forvaltningsrevisjon - Anskaffing av advokat- og rådgjevingstenester i "Fjord1-saka"

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut