Konsert med melankolske songperler

Ein uvanleg stemningsfull skulekonsert er no på turné til ungdomsskuleelevar i 17 kommunar. Konserten er eit samarbeid mellom Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken i fylket.

Utøvarane er den kritikarroste artisten Paal Flaata (song) og Gøran Grini (keyboard). Dei to har gjort eit djupdykk i songane til nokre artistar som ofte blir nemnde som melankolikarar. Resultatet er ein skulekonsert med svært vakre songar på repertoaret. Dei er nydelege og sørgmodige på same tid, og mange av dei vil elevar og lærarar kjenne igjen frå plater til musikarar som m.a. Johnny Cash, Jeff Buckley og Leonard Cohen.

Inspirasjon

Elevar og lærarar får eit sjeldant høve til å lene seg tilbake og nyte ei dempa stemning og mange, spennande tekstar. Skulane kan gjerne velje ut tekstar som dei nyttar i undervisninga, enten som føre- eller etterarbeid.

Eit konkret døme er Leonard Cohens klassikar ”Hallelujah”. Dei fleste har høyrt songen, og dei fleste kan også nynne med eller synge delar av teksten. Men kva handlar teksten eigentleg om? Veit vi kva Leonard Cohen ønskjer å seie oss med denne teksten? Når skreiv Cohen songen? I konsertinformasjonen får skulen konkrete innspel til framgangsmåte i samband med tekstanalysen.

Sjeldan songrøyst

Paal Flaata hadde sitt gjennombrot som songar på 1990-talet, og songstemma hans blir rekna for å vere uvanleg flott. Han blei kjent gjennom bandet Midnight Choir som på slutten av nittitalet markerte seg med eit av dei beste norske albuma gjennom tidene, ”Amsterdam stranded”. Albumet vann Spelemannsprisen for beste album i 1999.

Turneen med Flaata og Grini starta i Fjaler 11. januar og blir avslutta i Jølster 2. februar.

“Melankoli er gleda ved å vera bedrøva”
Vicor Hauge

Del dette:

Relaterte lenker