Raudt stort hus med parkering med bilar i framgrunn
Raudt stort hus med parkering med bilar i framgrunn

Lagshuset Fram på Stårheim i Eid. Foto: Huset i bygda

Konferanse om kulturbygg

Huset i bygda inviterer til konferanse for alle som er engasjerte i eit av dei 400 lokale kulturbygga i fylket. Konferansen skal gje inspirasjon  til utvikling av aktiviteten i  bygga, korleis ein kan skape gode møteplassar lokalt, og tips til søknadsskriving.

Konferansen er støtta av Sogn og Fjordane ungdomslag, som er prosjekteigar for Huset i bygda, og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tema for dagen

  • «Spelemidlar til kulturbygg», Sogn og fjordane fylkeskommune v/Guro Høyvik.
  • «Søknadskurs med fokus på budsjettskriving»,  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Pål Fidjestøl
  • «Frå visjon til verkelegheit – suksesshistoria 2016» Leikanger ungdomslag v/ Magnar og Astrid Bolstad
  • «Kulturbygga som inkluderingsarenaer», Eid frivilligsentral v/ Astrid Grete Torheim.

Praktisk informasjon

Målgruppe

Personar som er engasjerte i eit grendehus, samfunnshus, ungdomshus, bygdehus, lagshus, med meir.

Utviklingsavtale

Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag, som står bak satsinga Huset i bygda. Målet er å finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet. Samarbeidet skal skape og utvikle gode, opne møteplassar som er tilgjengeleg for alle i lokalsamfunna i fylket gjennom Huset i bygda. Dei skal kartlegge alle typar organisasjonseigde kulturbygg i fylket og presentere desse i ein eigen husbase og i fylkesatlas.

For meir informasjon

Huset i bygda
v/ Ingunn Nyheim
husetibygda@ungdomslag.no
974 03 699

Del dette: