Konferanse om folkehelse og friluftsliv i politikk og praksis

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterte saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til konferanse om friluftsliv og folkehelse 10. og 11. mai. Nokre av spørsmåla som vart stilt var; kva er rammevilkåra for friluftslivet og kva kan ein få til av praktisk friluftsliv og turaktivitet som bidrar til betra folkehelse?

Friluftsliv blir blant nordmenn oppfatta som noko positivt og helsebringande. Frå sentrale og regionale myndigheiter og kommunar vert det informert om viktigheita av ”friluftsliv for alle”. Noko av hovudinnhaldet på første dag av konferansen var innlegg og debattar rundt det offentlege sitt ansvar, og kva rammevilkår som styrer turaktivitet og friluftsliv. På dag to var det fleire innlegg som mellom anna dokumenterte og viste til forklaringar på kvifor naturen har ein positiv innverknad på menneske. Det vart også gjeve døme på korleis nokre av kommunane i fylket jobbar for å legge til rette for auka friluftslivsaktivitet.

Konferansen, som vart arrangert for åttande gong, fann stad i Sogndal 10. og 11. mai. Fylkeslege i Sogn og Fjordane Per Stensland opna konferansen og nokre av forelesarane var:

  • Hans B. Skaset, professor og seniorrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: ”Idretten og friluftslivet sin plass i et utvida folkehelsearbeid"
     
  • Helga Løvoll, stipendiat ved Høgskulen i Volda: ”Gode turopplevingar, kva er det? Psykologiske bidrag til forsking på subjektive opplevelsar"
     
  • Gunnar Breivik, professor ved Norges idrettshøyskole: ”Fysisk aktivitet; omfang, tilrettelegging og sosiale skilnader"
     
  • Sigrid Henjum, eventyrar: ”Padleturen rundt Sør – Georgia” og ”Den gode turen”
  • Forskar Margrete Skår, samfunnsforskar ved Norsk institutt for naturforsking – NINA: Friluftsliv i kvardagsliv: betyding og rammebetingelsar
  • Marianne Reusch, stipendiat institutt for privat rett v/Universitetet i Oslo: ”Allemannsretten - nokre mytar, mange nyheiter”

Målgruppa for konferansen var kommunalt og offentleg tilsette innan helse- og sosialtenesta, psykiatri, kultur og fritid, skule og barnehagar, planleggarar og folkehelse, politikarar, frivillige organisasjonar, studentar og andre med interesse for temaet.

Sjå heile programmet for konferansen her.

Føredraga frå konferansen finn du på nettsidene til Høgskulen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette