Kommuneproposisjonen for 2012 er lagt fram

Kommunaldepartementet la fredag 13. mai fram kommuneproposisjonen som trekkjer opp rammer for den kommunale og fylkeskommunale økonomien neste år. Det er ikkje varsla endringar som gjev vesentlege utslag i det økonomiske opplegget til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

For 2011 er det rekna med at skatteinntektene vil auke med 240 millionar kroner for fylkeskommunane samla, og for Sogn og Fjordane kan dette gje ei auka inntekt på inntil fem millionar kroner.

På den andre sida er den kommunale prisstigninga auka frå 2,8 prosent til 3,4 prosent, i hovudsak som følgje av høgare lønsvekst i 2011. Lønsoppgjeret for 2011 er tidlegare vurdert til å bli 5,8 millionar kroner dyrare enn føresett i det vedtekne budsjettet.

For 2012 er det varsla ein auke i dei frie inntektene til fylkeskommunane på mellom 500 millionar og 750 millionar kroner. 400 millionar kroner av dette er føresett brukt til auka satsing på vedlikehald av fylkesvegane.

Prop. 115 S (2010-2011) Kommuneproposisjonen 2012 ligg ute på nettsidene til departementet www.regjeringen.no/krd.

Del dette:

Relaterte lenker