Kommunalkomiteen på besøk i Bremanger

Fylkesordførar Jenny Følling og kommunalkomiteen på Stortinget vart vist om på nye Svelgen omsorgssenter i Bremanger kommune. Frå venstre: Jenny Følling, Olemic Thommesen, Masud Gharahkhani, Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kommunalkomiteen på besøk i Sogn og Fjordane

Kommune- og regionreform, økonomi og integrering var dei store temaa då kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget møtte ordførarar og næringsliv i Vågsøy, Bremanger og Flora måndag. Dei kom heller ikkje utanom Stad skipstunnel.

– Det er veldig kjekt at kommunalkomiteen kjem hit og får høyre om utfordringane kommunane og fylkeskommunen står oppe i, meiner fylkesordførar Jenny Følling.

Inntekter og oppgåver

I sitt innlegg for komiteen orienterte Følling om arbeidet med nye Vestland fylkeskommune, eit arbeid som er i full gang og går etter planen. Ho utfordra samstundes politikarane på å følgje opp regionreforma med vedtak som sikrar både inntekter og nye oppgåver til dei nye fylka.

– Oppgåver er viktig for å desentralisere makt frå staten til fylkeskommunane. Vi treng ei god verktøykasse for å vere ein god samfunnsutviklar, sa Følling, og peikte på kompetansepolitikk, integrering, regionale utviklingsmidlar, breibandsmidlar, næringsretta forsking og kultur som område som kan styrkast på fylkesnivå.

Framtidsretta investeringar

Fylkesordføraren la i tillegg vekt på at inntektssystemet må setje dei nye fylkeskommunane i stand til å gjere framtidsretta og miljøvenlege løysingar innan samferdsleområdet.

Sjølv om samferdsle ikkje er kommunalkomiteen sitt arbeidsområde, var det heller ikkje mogleg å kome utanom Stad skipstunnel, eit prosjekt som er viktig både for det politiske miljøet og næringslivet langs kysten i Sogn og Fjordane.

Program for komitéreisa

11.45

Velkommen til Sogn og Fjordane

v/ fylkesordførar Jenny Følling

11.55

Forholdet mellom lokaldemokrati og stat

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad

12.10

Status kommunesamanslåing

Fylkesmannen i Vestland v/ Lars Sponheim

12.45

Info frå prosjektet Stad skipstunnel

Dagleg leiar Måløy vekst, Randi Humborstad

12.55

Havbruk ved øya Silda

Coast Seafood v/ Sverre Sørå

14.10

Besøk på nye Svelgen omsorgssenter

 

14.25

Bremanger: Kvifor ikkje kommunesamanslåing?

v/ ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys

16.25

Nye Vestland fylke og regionale utfordringar

v/ fylkesordførar Jenny Følling

16.40

Kommunesamanslåing med fire kommunar i nye Sunnfjord kommune

v/ ordførar i Førde, Olve Grotle

16.55

Samordningsrolla til Fylkesmannen

Fylkesmannen i Vestland v/Lars Sponheim

17.20

Integrering

v/ ordførar i Flora, Ola Teigen

17.35

Gloppenmodellen

v/ ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut