Kommunal næringsutvikling

Næringsutvikling i kommunane er eit viktig satsingsområde. Kommunane er såleis ein svært sentral samarbeidspart for fylkeskommunen i næringsarbeidet. Vi jobbar mellom anna med kommunal næringsutvikling gjennom kommunale næringsfond, omstillingsarbeid og Tiltaksforum.

Nyhende:

PLP-kurs 14.-15. oktober 2014
Kurs i sakshandsaming 2014
Kurs i www.regionalforvaltning.no
15,8 mill. kr. til kommunale næringsfond
Omstillingsprogramma legg godt grunnlag for vidare vekst
8,5 mill. kr. til omstilling i Askvoll, Hyllestad og Lærdal

Prosjekt «Kommunal næringsutvikling»

Prosjektet «Kommunal næringsutvikling» er eit prosjekt i regi av fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og KS der ein saman skal ha ein ekstra innsats inn mot kommunane for å styrke dei i deira næringsutviklingsarbeid. Les meir om prosjektet her.

Kontaktperson: Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring. Tlf: 57 65 62 65 / 95 20 77 89. E-post.

Kommunale næringsfond

Fylkeskommunen tildelar midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Midlane skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv. I 2014 har fylkestinget sett av 15,63 mill. kr. til kommunale næringsfond. Les meir om kommunale næringsfond her.

Kontaktperson: Kristin Arnestad, seniorrådgjevar næringsutvikling.Tlf. 57 65 62 45 / 906 16 843. E-post.

Omstillingsarbeid

Omstillingsarbeid er eit breitt sett av offentlege tiltak retta mot ein kommune eller eit geografisk område. Det som kjenneteiknar omstillingskommunar er at dei opplever stor nedgang i sysselsetjinga som eit resultat av nedskjeringar på ein stor arbeidsplass i kommunen.Omstillingskommunar kan ofte vere svært sårbare med omsyn til avhengigheit til ein stor arbeidsplass. Også område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet, kan vere aktuelle for omstillingsstatus. Les meir om omstillingsarbeidet her.

Kontaktperson: Audhild Schaathun, seniorrådgjevar næringsutvikling. Tlf. 57 65 62 57 / 415 30 602. E-post.

Tiltaksforum

Tiltaksforum er eit nettverk for dei som arbeider med næringsutvikling innafor det offentlege i Sogn og Fjordane. Forumet har samlingar 1–2 gonger i året og skal vere ein arena for nettverksbygging, kompetanseoverføring og fagleg påfyll. Sjå innlegg frå Tiltaksforum 2014 og tidlegare samlingar her.

Kontaktperson: Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring. Tlf: 57 65 62 65 / 95 20 77 89. E-post.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00