Foto som syner ein bussjåfør og ein skuleelev i samtale når eleven er på veg inn på bussen. Bussen står parkert på ein parkeringsplass, og vi ser både folk og bilar utanfor bussen.
Foto som syner ein bussjåfør og ein skuleelev i samtale når eleven er på veg inn på bussen. Bussen står parkert på ein parkeringsplass, og vi ser både folk og bilar utanfor bussen.

Foto: Thor Aage Lillestøl

Kollektivtransport

Kollektivtransport er eit fellesnamn for eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle.  Eit kollektivsystem som fungerer godt er viktig i alle samfunn. Det er mange ulike reisebehov og funksjonar som skal ivaretakast. Nokre oppgåver som t.d. skuleskyss er lovpålagt, medan andre ruter er etablert for å gje innbyggjarane eit reisetilbod.

Kollektivtilbodet i fylket har som overordna mål at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gi innbyggjarane i fylket eit godt og tenleg kollektivtilbod.

Fylkeskommunen er ansvarleg for kollektivtransporten på veg og sjø i fylket (buss, båt og fylkesvegferjer). Staten har ansvaret for riksvegferje, fly og jernbane. Fleire kommunar i Sogn og Fjordane bidreg med midlar til kommunale båtruter. Kommunane betalar i tillegg bilettakst for grunnskuleelevar. Sidan ferje vert rekna å vere ein forlenga del av vegen, vert omtalen av det lagt under vegdelen av dokumentet.

I eit grisgrendt område som Sogn og Fjordane med lange avstandar og få innbyggjarar er det dyrt å gi eit godt kollektivtilbod slik vi kjenner det frå meir sentrale strøk. Det er viktig å legge til rette for at systemet gjev mest mogleg samfunnsnytte i heile fylket innanfor aktuelle økonomiske rammer.

Det er viktig å arbeide heilskapleg og langsiktig for å utvikle eit rutetilbod som både er marknadsretta og samfunnsnyttig.

Det må arbeidast aktivt for å gjere det attraktivt og enkelt for den reisande å finne aktuelle reisealternativ og rett reiseprodukt. Opplegget rundt det å gjere seg nytte av eit rutetilbod må vere godt organisert. Betalingsløysingar, gode rutebilstasjonar og korrespondansepunkt er døme på dette.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00