Kollektivsystemet i Sogn og Fjordane

Dagleg reiser det om lag 6 000 elevar med rutesystema her i fylket. Over 90 % av bussar og båtar er involvert i skuleskyssen. Berre nokre få bilar/båtar går utan skuleskyssfunksjon på delar av dagen.

Skulerutene har behov for mykje materiell morgon og ettermiddag, resten av døgnet vert ikkje dette materiellet utnytta til skuleruter. Ledig skulerutemateriell vert nytta på beste måte til å produsere arbeidsruter og tilførselsruter til gjennomgåande langruter. Dersom ein er villig til å byte transportmiddel undervegs er det mogleg å kome seg fram i størstedelen av fylket på dagtid.  

Skuleskyssen dimensjonerer ressursinnsatsen innanfor buss og båtruter. Vidare set den premiss for skysstider og rutestrukturar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00