Kollektivbarometeret

Det vart i 2015 oppretta eit nasjonalt kundebarometer og ein nasjonal nøkkeltalsanalyse. Alle fylkeskommunane har slutta seg til arbeidet, som dermed er ei nasjonal undersøking som har fått namnet Kollektivbarometeret.

Opinion AS har oppdraget med å innhente data til Kollektivbarometeret og datainnsamlinga skjer gjennom webundersøkingar som rapporterast tertialvis.

Barometeret måler følgjande ti område (tala i parantes er prosent av dei spurde i vårt fylke som er registrert som fornøgd):

  • Kollektivtilbudet (45 prosent)

  • Punktligheit (87 prosent)

  • Informasjon (40 prosent)

  • Personalets opptreden (84 prosent)

  • Tryggleik og sikkerheit (87 prosent)

  • Komfort (75 prosent)

  • Kollektivtrafikkens rolle i samfunnet (85 prosent)

  • Valuta for pengane (45 prosent)

  • Lojalitet (58 prosent)

  • Befolkningstilfredsheit (41 prosent)

Sogn og Fjordane scorar høgast i landet på områda Punkligheit, Personalets opptreden og Tryggleik og sikkerheit. Fylket ligg også over landssnittet på Komfort, Kollektivtrafikkens rolle i samfunnet, Valuta for pengane og Lojalitet.

Vi scorar dårlegast på Kollektivtilbodet, Informasjon og Befolkningstilfredsheit.

Topp tre områder som er anbefalt å prioritere for å auke den totale tilfredsheita er:

  1. Antall avganger er tilstrekkelig

  2. Det er enkelt å byte mellom ulike linjer

  3. Enkelt få den informasjonen ein treng


Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00