Logoen til selskapet Evoy AS
Logoen til selskapet Evoy AS

Evoy AS

Klimapris til elbåt-pioner i Florø

Evoy AS ved Leif Arne Stavøstrand blir tildelt fylkeskommunen sin klima- og miljøpris. Det vedtok fylkesutvalet i dag. Prisen i form av diplom og ein sum på 50 000 kr vert delt ut på fylkestinget 24. april.

– Det er ein milepæl å kunne dele ut den fyrste klima- og miljøprisen for Sogn og Fjordane. Det er veldig kjekt å kunne dele prisen ut til ein person som har tatt eit viktig personleg vegval, og satsar på fossilfrie løysingar. Det er dette det grøne skiftet treng, og det er ei spanande verksemd som fortener ros for jobben dei har gjort til no, og motivasjon til vegen vidare, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Evoy AS er ei verksemd med hovudkontor i Florø, som utviklar verdsleiande heilelektrisk framdriftssystem til båtar i proff- og fritidssegmentet. Visjonen er å eliminere utslepp frå båt, ved å utvikle teknologi som kan byte ut fossil brensel med elektriske motorar.

Stort potensial

– Prisen går til ein kandidat heilt i tråd med retningslinjene til prisen. Evoy AS kan gjere ein stor innsats for klimaomstillinga av Sogn og Fjordane, og har potensiale til å gjere ein forskjell utanfor fylket også, seier Hilmar Høl (Ap), leiar for innstillingsnemnda til prisen.

I grunngjevinga for tildelinga blir det mellom anna løfta fram at verksemda viser evne til nyskaping og har stort potensial for å skape nye, grøne arbeidsplassar. Ved å gå frå ein godt betalt jobb til å starte ei eiga klimavenleg verksemd, har Leif Arne Stavøstrand vist evne og vilje til å yte klima- og miljøinnsats ut over det vanlege.

Innstillingsnemnda har bestått av tre medlemmar frå fylkesutvalet og ein representant frå ungdomspolitisk utval. Etter nyttår har nemnda jobbe med å vurdere dei 14 nominasjonane som var komne inn. Fylkesutvalet tok den endeleg avgjerda måndag, og vedtaket var samrøystes.

Rørt og glad prisvinnar

Fylkesordførar Jenny Følling tok sjølv telefonen til Stavøstrand for å informere om utnemninga, og mottakaren var svært glad for meldinga.

– Det er veldig rørande at andre ser potensialet i det vi gjer. Det motiverer til vidare innsats. Midlane kjem godt med, men det beste er anerkjenninga av arbeidet vårt og at vi er på rett veg, seier Leif A. Stavøstrand over telefon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Eksterne lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00