Klimakoordinator klar for pionerinnsats

Elisabeth Veivåg Helseth frå Stord er tilsett som klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho skal arbeide med tiltaka som er vedtekne i fylkesdelplan for klima og miljø.

Veivåg Helseth er ein av dei første klimakoordinatorane i landet. Ho er utdanna med ein tverrfagleg, internasjonal mastergrad ved Senter for Utvikling og Miljø ved Universitetet i Oslo.

Pionerfylke

- Sogn og Fjordane driv pionerarbeid når det gjeld klima. Eg ser det som eit privilegium å få lov til å vera med på å utforma og konkretisera tiltak på dette viktige området, seier Elisabeth Veivåg Helseth.

Problemstillinga må angripast på mange ulike nivå: I fylkeskommunen vil det å leggja til rette for tiltak innan sektorar som landbruk, transport og industri, ifølgje klimaplanen.

Klimakoordinatoren vil og kunna iverksetja tiltak som bidreg til reduksjon i det private forbruket av fossile brensel, til dømes gjennom tilrettelegging for meir kollektivtransport.

Heilhetleg tilnærming

- Fylket har ei spanande tilnærming til klimautfordringa. De legg opp til eit heilhetleg perspektiv som kombinerer førebygging i form av utsleppsreduksjon med tilpassing til mogelege klimaendringar, seier Veivåg Helseth.

For klimaendringane vil koma, sjølv om det er stor usikkerhet korleis dei vil råka oss. Den store variasjonen i natur og topografiske tilhøve medfører at fylket kan vera meir utsett, til dømes for ras og flaum, enn ein del andre områder i landet.

Miljøsertifisering

Ei av dei første konkrete utfordringane Elisabeth Veivåg Helseth skal ta fatt på i henhald til klimaplanen er å sørga for at fylkeskommunen vert miljøsertifisert.

Del dette:

Relaterte lenker